Er du vår nye kollega?
Lærdal kommune Tekniske Tenester
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Fulltidsstilling som oppmålingsingeniør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Ønskjer du ein spanande jobb innan eit viktig arbeidsfelt? Lærdal kommune søkjer etter oppmålingsingeniør i 100% fast stilling. I denne stillinga er det fleksitidsordning.Det pågår for tida eit arbeid om å utvida det interkommunale samarbeidet mellom kommunane i Sogn for å styrka fagmiljøet. Her er kart og oppmåling planlagt samordna gjennom ein vertskommunemodell for fem kommunar, der Luster vert vertskommune.
Arbeidsoppgåver:- Kart- og oppmålingsforretningar etter matrikkellova.
- Rettleiing av publikum i saker som omhandlar eigedom og kart.
- Arbeida med kart i ulike former og tema, og delta i digitalisering av data.
- Sakshandsaming i saker om eigedom, oppmåling, matrikkel.
- Oppgåver knytt til kommuneplanen sin arealdel
- Delta i tverrfaglege samarbeide, internt og eksternt
Me ynskjer at du har desse kvalifikasjonane:
- Utdanning frå høgskule eller universitet innan geomatikk, landmåling, GIS eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensera frå utdanningskravet.
- Autorisasjon/ godkjenning som eigedomsoppmålar, vil vera ein fordel.
- Kjennskap til matrikkellov, eigedomsrett, tingsrett, og offentleg forvaltning
- Kjennskap til moderne landmålingsutstyr og dataprogram.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B.
- Ansvarsfull, sjølvstendig og gode samarbeidsevne
- Positiv, strukturert, initiativrik og utviklingsorientert
- Lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til fleksibilitet og gjennomføringskraft
- Ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Kompetanseheving der det trengst
- Konkurransedyktige lønnsvilkår
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Full barnehagedekning
- Kommunen kan hjelpa til med å skaffa bustad ved behov
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2. klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
- Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2c4c070-f689-4857-93c3-b93629d82970
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3606957_233191_nn