Vil du vera med og tryggja Lærdal? Me søkjer brannkonstablar
Lærdal kommune Brann og Redning
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Brannkonstabel - 3 faste deltidsstillingar
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn, kjenneteikna av engasjement, framtidstru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med om lag 2 200 andre lærdøler. Den vakre bygda vår inst i Sognefjorden ligg sentralt til, midt mellom Oslo og Bergen.
Kommunen har store fjell‑ og utmarksområde som byr på rike høve for eit aktivt friluftsliv. Lærdal er òg ei levande kulturbygd med ein rik kulturarv, mellom anna Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Leitar du etter ein meiningsfull, lærerik og samfunnsnyttig deltidsjobb, og ønskjer du å vera med og tryggja lokalsamfunnet ditt? Då kan du vera den me søkjer etter.
Lærdal brann og redning har 3 ledige faste deltidsstillingar som brannkonstabel, med snarleg tilsetjing.Om brann- og redningstenestaLærdal brann og redning har sløkke‑ og beredskapsansvar for akutte hendingar i Lærdal kommune. Lærdal og Årdal kommune samarbeidar innan brann og redning, og tenesta disponera kompetente mannskap og gode ressursar for å handtera ulike typar hendingar som kan råka kommunane.
Mannskapa deltek i månadlege øvingar som er baserte på realistiske og aktuelle hendingar.
Krav til stillingane- Søkjar må tilfredsstilla fysiske og medisinske krav til røykdykking
- Bu‑ og arbeidsstad i nærleiken av brannstasjonen vil bli vektlagt
- Responstid er 5 minutt
- Deltaking i brannvern krev skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgjevar
- Alle som arbeidar innan brann og redning må leggja fram gyldig politiattest
- Førarkort klasse C
- Relevant erfaring frå brann‑ og/eller beredskapsarbeid
- Fyrstehjelpskompetanse
- Gode samarbeidsevner
Naudsynt intern opplæring vil bli gitt, og lovpålagt utdanning gjennom Noregs brannskule må gjennomførast.
Lærdal brann og redning skal spegla det norske arbeidslivet, og me oppmodar særleg kvinner til å søkja. Me ønskjer breidde og mangfald, og håpar fleire vil vera med å byggja ein endå sterkare brann‑ og redningsressurs i Lærdal.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a9d87f1-f1ee-4909-840f-9c1a6ec48c73
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3619543_230433_no