Arbeidsplassen.no er ei teneste frå Nav og det er Arbeids- og velferdsdirektoratet som er behandlingsansvarleg for dine data her. Denne personvernerklæringa er knytta til behandlinga av personopplysningar særskilt for tenestene på arbeidsplassen.no.
Vi lagrar berre personopplysningar i dei innlogga tenestene og ved innhenting av stillingsannonsar frå arbeidsgivarar via samarbeidspartnarane våre. For utfyllande informasjon om korleis Nav behandlar personopplysningane dine, kan du lese meir i Navs generelle personvernerklæring.
For deg som representerer ein arbeidsgivar, les meir lenger nede på sida om korleis vi behandlar personopplysningane dine i løysinga.
Når du tek i bruk innlogga tenester på arbeidsplassen.no, innhentar vi:
Namn
Fødselsnummer - for å sjå om du er under 15 år. Ein får ikkje tilgang om ein er under 15 år. Informasjonen blir ikkje lagra.
Når du er innlogga kan du ta i bruk funksjonen Favorittar. Her kan du lagre stillingar du er interessert i.
For å kunne ta i bruk funksjonen Lagrede søk, legg du inn e-postadressa di. Då kan du definere og lagre søk og få varsel på e-post når det kjem aktuelle stillingar.
Du vel sjølv om funksjonen Lagrede søk skal vere aktiv i 30, 60 eller 90 dagar. Vi sender deg ein e-post 7 dagar før det går ut for å høyre om du vil halde fram med å lagre søket. Vi lagrar e-posten din til du sletter han på Mi side.
Kva føremål blir brukte personopplysningane til?
Velfungerande arbeidsmarknad
Arbeidsplassen.no skal bidra til ein velfungerande arbeidsmarknad gjennom ei open plattform for arbeidsmarknaden. Vi lagrar og behandlar personopplysningar for å gjere det enklare for jobbsøkjarar å finne jobb og for arbeidsgivarar å skaffe arbeidskraft. Dette er i tråd med Navs samfunnsoppdrag om å få fleire i arbeid.
Statistikk og kunnskap om arbeidsmarknaden
Nav nyttar opplysningane frå arbeidsplassen.no til å utvikle statistikk og kunnskap om arbeidsmarknaden. Les meir i Navs generelle personvernerklæring.
Kor lenge blir opplysningane lagra?
Opplysningane blir lagra inntil du slettar dei hos oss. Nav behandlar også opplysningar for statestikkføremål.
Kva er det rettslege grunnlaget for behandlinga av personopplysningar?
Samtykke
Når du tek i bruk og legg informasjon inn på innlogga tenester på arbeidsplassen.no, samtykkjer du til at vi kan behandle personopplysningar om deg. Du kan sjølv velje kva tenester du vil samtykkje til at vi behandlar personopplysningar for. Du kan når som helst trekkje ditt samtykke.
Kven blir personopplysningane delte med?
Databehandlarane våre
For å kunne tilby våre tenester på arbeidsplassen.no nyttar vi databehandlarar, som inneber at vi deler personopplysningane dine med desse. Dette gjeld til dømes IT-leverandørar som har avtalar med Nav. For å lese meir om dette, sjå Navs generelle personvernerklæring.
Kva rettar har du?
Rett til innsyn og retting
Du har rett til å få vite kva personopplysningar vi har om deg og be om retting av feilaktige opplysningar. Du kan logge deg inn på Mi side på arbeidsplassen.no for å sjå mange av opplysningane vi har registrert om deg. For innsyn i personopplysningar ut over dette, må du ta kontakt med oss på nav.no.
Rett til å trekkje tilbake samtykke og sletting
Når du har samtykt til ei behandling, kan du til ein kvar tid trekkje tilbake dine samtykke. Dette gjer du ved å gå til «innstillingar». Der kan du administrere dine samtykke, og slette dei om du ønskjer.
Rett til dataportabilitet
Du har rett til å be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller ein annan behandlingsansvarleg. Dette inneber ein rett til å få utlevert i eit maskinlesbart og vanleg brukt filformat dersom du ønskjer dette. føremålet med dette er at du skal kunne gjenbruke desse opplysningane hos ein annan behandlingsansvarleg, dersom du ønskjer.
Rett til avgrensing av behandlinga
Du har rett til å be om at Nav mellombels stoppar behandlinga av opplysningane dine, dersom du meiner at opplysningane vi har om deg er feil eller du meiner at behandlinga vår av opplysningane er ulovleg. Det same gjeld dersom du meiner at vi ikkje treng opplysningane.
Informasjonskapslar
Arbeidsplassen.no er eit subdomene av nav.no. Vi lagrar ikkje personopplysningar om deg på dei opne/ikkje innlogga sidene på arbeidsplassen.nav.no, men bruker informasjonskapslar («cookiar»). Les meir om informasjonskapslar på arbeidsplassen.no.
Brukarundersøkingar (Skyra)
Vi bruker Skyra til å vise korte spørjeundersøkingar på arbeidsplassen.no for å forbetre innhald, navigasjon og brukaroppleving. Undersøkingar er frivillige, og vi ber om at du ikkje oppgir personopplysningar i fritekst.
Utan informasjonskapslar (cookieless): Om du ikkje samtykkjer til Skyra-cookiar, kan vi framleis tilby enkelte undersøkingar som ikkje blir automatisk viste. Dei blir først opna når du sjølv trykkjer på ein knapp eller lenkje (til dømes «Skriv ei kort tilbakemelding»). I cookieless-modus blir ingen Skyra-cookiar sette, og popup-undersøkelser som elles ville dukka opp automatisk, er deaktiverte.
Med informasjonskapslar: Dersom du samtykkjer til “Brukarundersøkingar (Skyra)”, kan vi vise popup-undersøkelser som hugsar om du har svart/lukka, ved bruk av førsteparts funksjonelle cookiar (skyra.state og skyra.<survey-slug>). Varigheit og føremål er beskrive i cookie-oversikta vår.
Kva opplysningar blir behandla?
I tillegg til svara du vel å sende inn, registrerer Skyra teknisk einingsinformasjon for å sikre rett visning, kvalitet og måling (m.a. nettlesar/versjon, operativsystem, einingstype, by-nivå lokasjon basert på anonymisert IP, nettverkstype og URL). Data blir lagra i EU/EØS. Sjå også Skyras personvernerklæring.
Les meir om korleis vi behandlar personopplysningane dine