Vilkår for å bruke arbeidsgivartenestene på arbeidsplassen.no
Arbeidsplassen.no er ei kostnadsfri teneste frå Nav. Arbeidsgivarar må godta fleire vilkår for å bruke tenestene på arbeidsplassen.no. Nokre generelle vilkår vi ønskjer å trekkje fram er:
For å bruke tenestene på arbeidsplassen.no må verksemda ha eit reelt rekrutteringsbehov.
Alle personopplysningar du får frå jobbsøkjarar skal behandlast til formålet rekruttering, og slettast ved avslutta rekrutteringsprosess.
Personopplysningar om jobbsøkjarar kan ikkje brukast til marknadsføring.
Bruk av automatiserte tenester (robotar, spiders, indeksering m.m.) eller andre metodar for systematisk eller regelmessig kopiering av innhaldet på arbeidsplassen.no er ikkje tillaten utan uttrykkeleg skriftleg samtykke frå Nav.
Kven kan bruke tenestene
Arbeidsgivar får ikkje tilgang til å bruke tenestene utan nødvendige rettar tildelte i Altinn.
Nav er pålagt å drive statleg arbeidsformidling og formidle arbeidskraft. For å kunne tilby desse tenestene til arbeidsgivarar, må vi lagre nødvendige personopplysningar. Vi lagrar:
Stillingar som verksemda har publisert på arbeidsplassen.no, inkludert personopplysningar du har oppgitt. Annonsane blir arkiverte, og anonymiserte opplysningar blir brukte til statistiske formål.
For å annonsere ledige stillingar på arbeidsplassen.no og Den Europeiske Jobbmobilitetsportalen, må du mellom anna ha ei konkret stilling du ønskjer å tilsetje til. Stillingsannonsen kan ikkje forskjellsbehandle ut frå kjønn, alder, etnisk bakgrunn eller andre kriterium som ikkje er relevante for stillinga.
Det skal ikkje publiserast stillingsannonsar som inneheld sensitive eller teiepliktige opplysningar om personar.
Viss Nav oppdagar ein annonse som ikkje oppfyller vilkåra, kan han bli sletta eller fjerna utan varsling. Nav vil ta kontakt og informere i etterkant.
Personopplysninger som du får frå jobbsøkjarar i “superrask søknad” kan berre brukast så lenge formålet er å bemanne og rekruttere til ei konkret stilling.
Gjennom arbeidsplassen.no tilbyr Nav data frå stillingssøket på arbeidsplassen.no. Stillingssøket inneheld ei oversikt og informasjon om dei fleste aktive kunngjorde stillingar. Stillingssøket inneheld både stillingar som er registrerte direkte hos Nav, publisert til Nav via eit ope API og henta inn frå samarbeidspartnarane våre.