Retningslinjer for innhald i annonsar i Nav si stillingsbase
1. Innleiing
Formålet med desse retningslinjene er å bidra til kvalitetssikring av Nav si stillingsbase, slik at Nav best mogleg kan fylle si oppgåve som møteplass for arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar. Retningslinjene angir generelle krav til innhald i stillingsannonsar som blir registrerte i Nav si stillingsbase og publiserte på arbeidsplassen.no. Dei gjeld for alle typar stillingar/annonsar, uavhengig av om stillinga blir henta inn elektronisk eller registrert av arbeidsgivar på arbeidsplassen.no.
2. Stillingar som medfører eit tilsetjingsforhold – reelle stillingar
I Nav si stillingsbase skal det i utgangspunktet berre registrerast annonsar for reelle stillingar, altså der det blir søkt etter arbeidskraft med mål om å opprette eit tilsetjingsforhold. Eit tilsetjingsforhold er kjenneteikna ved at arbeidsgivar:
- melder arbeidstakar inn i Arbeidsgivar-/arbeidstakarregisteret
- gjennomfører forskotstrekk av skatt
- har ansvar for arbeidsmiljøet arbeidstakaren oppheld seg i
Arbeidsgivarar kan ikkje krevje nokon form for betaling eller vederlag frå arbeidssøkjarar for tilbod om tilsetjing.
3. Bemanningsføretak / rekrutteringsbyrå
Bemanningsføretak som driv verksemd i Noreg skal vere registrert hos Arbeidstilsynet, jf. forskrift om bemanningsføretak §§ 5 og 6. For at annonsar frå bemanningsføretak/vikarbyrå skal kunne registrerast i Nav si stillingsbase, må dei vere registrerte hos Arbeidstilsynet.
Annonsar som gjeld generelle søk etter vikarar eller kvalifiserte arbeidstakarar utan konkret stilling, skal ikkje registrerast.
Dersom bemanningsføretak annonserer på vegner av anonym kunde, kan Nav krevje å få vite kven som faktisk er arbeidsgivar (men arbeidsgivar kan framleis vere anonym i annonsen). Dette er for å kontrollere at arbeidsgivar oppfyller Nav sine vilkår, jf. arbeidsmarknadslova § 7.
4. Reinhaldsverksemder
Reinhaldsverksemder må vere godkjende av Arbeidstilsynet, jf. forskrift om godkjenning av reinhaldsverksemder § 3. Annonsar frå slike verksemder kan berre registrerast dersom verksemda er godkjend.
5. Verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring
Verksemder som tilbyr desse tenestene må vere godkjende av Arbeidstilsynet, jf. forskrift om godkjenning av verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring §§ 1-4 og 4-1. Annonsar frå slike verksemder kan berre registrerast dersom godkjenning føreligg.
6. Oppdrag til sjølvstendig næringsdrivande
Annonsar som gjeld oppdrag til sjølvstendig næringsdrivande, som franchise, agentur, nettverkssal eller homeparties, skal ikkje registrerast. Stillingsbasen skal ikkje brukast til direkte eller indirekte marknadsføring av varer eller tenester.
Unntak for helsepersonell:
Annonsar for helsepersonell med offentleg driftsavtale kan registrerast, sjølv om den som får stillinga er næringsdrivande.
7. Annonsar med ulovleg diskriminerande innhald
Annonsar med diskriminerande innhald skal ikkje publiserast. Det er ulovleg å forskjellsbehandle arbeidssøkjarar på grunnlag av kjønn, religion, livssyn, etnisitet, politisk syn, medlemskap i fagforeining, seksuell orientering, funksjonsnedsetting eller alder.
Indirekte diskriminering, som krav om gode norskkunnskapar eller avtjent verneplikt utan at det er nødvendig for jobben, er også forbode.
Mangfaldsformuleringar:
Det er lov å oppmode underrepresenterte grupper til å søkje, som kvinner, personar med nedsett funksjonsevne eller minoritetsbakgrunn. Det er ikkje lov å oppmode personar med bestemte nasjonalitetar til å søkje.
8. Annonsar for ulovleg arbeid
Annonsar som gjeld ulovleg aktivitet, som pokerspel eller pyramidespel, eller der arbeidsgivar bryt arbeidsmiljølova, skal ikkje registrerast.
9. Lovlege stillingar som ikkje skal registrerast
Stillingar som inneber nakenheit eller arbeid av seksuell/pornografisk karakter, som stripping eller telefonsex, skal ikkje registrerast – sjølv om arbeidet er lovleg.
Unntak:
Stillingar som butikkmedarbeidar skal registrerast, sjølv om butikken sel produkt med seksuell karakter, så lenge verksemda ikkje driv ulovleg.
10. Sensitive eller teiepliktige opplysningar
Annonsar skal ikkje innehalde sensitive eller teiepliktige opplysningar om personar.
11. Annonsar på andre språk enn norsk
Annonsar må vere på bokmål, nynorsk, samisk, engelsk, svensk eller dansk. Det kan ikkje registrerast fleire språkversjonar av same stilling. Verksemda har ansvar for å oversette teksten.
12. Siste publiseringsdato (utløpsdato)
Utløpsdato må ikkje setjast lenger enn 6 månader etter registreringsdato.
13. Avpublisering av annonsar som ikkje oppfyller vilkåra
Nav kontrollerer alle annonsar på arbeidsplassen.no. Dersom ein annonse ikkje oppfyller vilkåra, blir han avpublisert.
Melding til arbeidsgivar:
Dersom arbeidsgivar har registrert annonsen sjølv, vil Nav ta kontakt slik at annonsen kan rettast og publiserast på nytt.
Ved elektronisk innhenta annonsar blir det ikkje sendt melding ved avpublisering.