Kven kan bruke arbeidsgivartenestene?
Tilgang via Altinn
Berre du som er arbeidsgivar kan bruke arbeidsgivartenester frå nav på arbeidsplassen.no. Privatpersonar kan ikkje bruke tenestene, heller ikkje privatpersonar som er oppdragsgivar utan å vere arbeidsgivar.*
Bedrifta må vere registrert i Arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret for undereining. Undereining vil seie ei operativ eining som kan tilsetje og lønne personar.
Du loggar inn med ID-porten. Systemet vil sjekke rettane dine i Altinn. For at du eller ein kollega skal kunne nytte navs nye rekrutteringsteneste på vegner av verksemda, må de ha retten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no» for undereining. Du kan sjekke om du har rett rett ved å prøve å logge deg inn i tenesta som arbeidsgivar.
Arbeidsgiveren kan delegere tilgang til deg via Altinn, hvis du ikke har den allerede. Har du en av Arbeidsgivaren kan delegere tilgang til deg via Altinn, om du ikkje har han allereie. Har du ei av Altinn-rollene «Lønn og personalmedarbeidar» eller «Utfyller/innsender» for undereining, vil du automatisk ha retten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no» på vegner av bedrifta.
Meir hjelp
Utanlandske verksemder
Det er berre norske verksemder som kan bruke innlogga tenester på arbeidsplassen.no.
Om du er ei utanlandsk verksemd som ønskjer hjelp til å rekruttere medarbeidarar frå Noreg, publisere ei stilling i Den Europeiske Jobbmobilitetsportalen eller i eit enkelt EU/EØS-land eller Sveits, skal du ta kontakt med den offentlege arbeidsformidlinga (EURES) i heimlandet ditt. Les meir om EURES-tenesta i dei ulike landa.
Rekruttere frå EU/EØS og Sveits
Om du ønskjer å rekruttere frå EU/EØS og Sveits, kan du søkje etter kandidatar i Den Europeiske Jobbmobilitetsportalen.
Har du spørsmål om publisering av stilling i Den Europeiske Jobbmobilitetsportalen eller i eit enkelt EU/EØS-land, ta kontakt med nav Kontaktsenter EURES på eures@nav.no. Les meir om navs EURES-tenester for arbeidsgivarar.
* Unntaket er at du som privatperson kan annonsere ei stilling som brukarstyrt personleg assistent. Om du føretrekkjer det, kan du publisere henne sjølv i staden for at arbeidsgivaren din gjer det. Send annonseteksten til stilling@nav.no. I annonsen må du oppgi om det er ei fast stilling eller eit vikariat, talet på arbeidstimar i veka, arbeidstid, arbeidsted, talet på stillingar og søknadsfrist. Du må også oppgi namn og e-postadresse til ein kontaktperson.