Tilgangsstyring i store verksemder
Her tilbyr me informasjon til store verksemder om korleis tilgangsstyring kan handterast på ulike måtar. Formålet vårt er å visa korleis du gir og får tilgang til Navs rekrutteringstenester.
Du finn svar på spørsmål om
- tilgangsstyring i store verksemder
- overordna roller som gir vide tilgangar
- å få tilgang til arbeidsplassen.no og kandidatlister frå Nav
Lurer du framleis på noko, kan du ringje Altinn brukarstøtte på 75 00 60 00.
For at du eller ein kollega skal kunna nytta Navs rekrutteringsteneste på vegner av verksemda, må de ha enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no», eller Altinn-rolle Lønn og personalmedarbeidar, eller Altinn-rolle Utfyller/Innsender. Tilgangane kan givast på for hovudeining (inkludert alle undereiningar) eller for ei enkelt undereining. Arbeidsgivar kan delegera tilgang til deg via Altinn, om du ikkje har han allereie.
Generelt om tilgangsstyring
Kvifor kan tilgangsstyring vera krevjande?
Verksemder kan ha utfordringar med å handtera tilgangsstyring, spesielt når organisasjonen er stor og kompleks. Tilsette kan oppleva at det er vanskeleg å finna ut kven i organisasjonen som kan gi tilgang. Det er stor avstand mellom dei som skal ha tilgang og dei som har styresmakt til å delegera.
På same måte kan dei som har styresmakt til å delegera oppleva det som krevjande å halda oversikt over medarbeidarar og kva tilgangar dei har eller skal ha.
Verksemda mi har verksemdssertifikat, kan me bruka det på arbeidsplassen.no?
Nei, dette sertifikatet kan ikkje brukast. Tilgang til arbeidsplassen.no og kandidatlister frå Nav på Mi side Arbeidsgiver kan berre givast i Altinn.
Tilgang til heile eller delar av organisasjonen?
Tilgangsstyringa på arbeidsplassen.no og kandidatlister frå Nav er basert på undereining. Arbeidsgivarar som gir tilgang, vel i Altinn om tilgangen skal vera avgrensa til ein eller fleire undereiningar, eller omfatta hovudeininga inkludert alle undereiningar. Det er altså ikkje nødvendig å gi personar tilgang til heile organisasjonen.
Dersom det er ønskjeleg at ein medarbeidar skal ha tilgang til alle undereiningar, er det praktisk for den som gir tilgang å kunna gi éin tilgang til hovudeining, som automatisk gir tilgang for alle undereiningar.
Korleis løyser me rollestyring på ein praktisk måte i verksemda vår?
Dei fleste store og etablerte verksemder veit at det kan vera upraktisk at dagleg leiar eller eigar administrerer tilgangsstyring i Altinn. Ofte er denne oppgåva delegert til mellomleiarar eller HR. Det finst nokre praktiske måtar å løysa det på ved hjelp av rollene Tilgangsstyring og eventuelt Hovedadministrator. Sjå beskrivingar under.
Overordna roller med vide tilgangar
Korleis fungerer rolla Tilgangsstyring?
Ein praktisk måte å organisera tilgangsstyring på, er å tildela ein eller fleire medarbeidarar rolla Tilgangsstyring. Denne rolla kan tildela rettar i organisasjonen. Merk at ein person som skal ha rolla Tilgangsstyring, sjølv må ha dei rollene/rettane hen skal administrera. Ein tilgangsstyrar må derfor ha enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no» og/eller rollene Lønn og personalmedarbeidar eller Utfyller/ Innsender, for å kunna gi andre den same retten som vil gi tilgang som arbeidsgivar til arbeidsplassen.no og kandidatlister frå Nav.
Korleis fungerer rolla Hovedadministrator?
Viss verksemda ønskjer at éin nøkkelperson skal administrera alle Altinn-rettar på vegner av verksemda, er løysinga rolla Hovedadministrator. Styrets leiar, styrande reidar eller innehavar kan etablera denne rolla.
Hovudadministrator kan delegera alle roller og rettar for ei verksemd, også roller og rettar som hovudadministratoren ikkje har sjølv. Hovudadministrator kan derfor både gi og trekkja enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no», eller dei to rollene som gir tilgang til arbeidsplassen.no (Lønn og personalmedarbeidar og Utfyller/innsendar).
Hovudadministrator kan også gi ein eller fleire medarbeidarar rolla Tilgangsstyring. Hovudadministrator tek då ei overordna rolle, og tilgangsstyrarar administrerer roller og rettar, til dømes enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no».
Les meir om Altinn-roller og rettar på altinn.no
I verksemda vår har me eigendefinerte roller. Kan eg bruka dei på arbeidsplassen.no?
Viss verksemda organiserer tilgangane sine i eigendefinerte roller i Altinn, kan ein inkludera enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no» i ei eigendefinert rolle.
Eg ønskjer tilgang til arbeidsplassen.no
Hvordan kan eg vita om eg allereie har tilgang til arbeidsplassen.no?
Du kan sjå kva tilgangar du har når du er innlogga i Altinn. Du kan også prøva å logga inn som arbeidsgivar på arbeidsplassen.no. Har du ikkje tilgang, så får du ei melding om det.
Kven kan eg spørja om tilgang til arbeidsplassen.no?
Nokon i leiinga eller HR kan gi deg tilgang. Om du ikkje veit kven det kan vera, så kan du “be om tilgang” i Altinn eller på nav.no. Denne funksjonen er det førebels berre dei som allereie har ei Altinn-rolle frå før i verksemda som kan nytta. Når du ber om tilgang, vil rett person få ei melding på e-post eller SMS. Vel eit av alternativa:
- Det kan gjerast på altinn.no. Les om korleis du kan spørja om rett på Altinn.no
- Gå til nav.no, som har litt fleire støttefunksjonar for deg. På Mi side - arbeidsgivarfinnar du oversikt over roller eller enkeltrettar som ulike Nav-tenester krev. Når du er logga inn vil du finna moglegheit for å “be om tilgang”.
Om du ikkje har høve til å be om tilgang som beskrivne, må du sjølv finna ut kven i HR eller leiinga som kan gi deg tilgang.
Eg skal gi tilgang til Arbeidsplassen
Har eg allereie rett rolle for å gi tilgang til Arbeidsplassen?
Logg inn i Altinn, då vil du sjå kva Altinn-tilgangar du har.
- Om du er registrert i Einingsregisteret som daglig leiar, styrets leiar, styrande reidar eller innehavar, vil du automatisk ha alle tilgangar som du kan gi vidare til andre.
- Har du rolla Hovedadministrator, kan du gi andre medarbeidarar dei tilgangane dei treng.
- Har du rolla Tilgangsstyrar, kan du gi andre medarbeidarar dei tilgangane dei treng, føresett at du sjølv har dei rettane du skal tildela til andre (enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no», eller Altinn-rolle Lønn og personalmedarbeidar, eller Altinn-rolle Utfyller/innsendar).
Om du ikkje har dei nødvendige rollene for å kunna gi tilgang vidare, kan dagleg leiar eller hovudadministrator i verksemda di gi deg nødvendige tilgangar.
Bør eg delegera tilgang til arbeidsplassen.no gjennom rolle eller enkeltrett?
Enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no» gir tilgang til å bruka stillingsregistrering og superrask søknad på arbeidsplassen.no. Denne retten gir ikkje tilgang til å få CVer. Då kan du som arbeidsgivar vita at ein medarbeidar ikkje får tilgang til andre tenester. Om du tildeler rolla Lønn og personalmedarbeidar eller Utfyller/Innsender, er det vide tilgangar som gir tilgang til fleire tenester enn berre arbeidsplassen.no og kandidatlister frå Nav.
Eg er usikker på kva «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no» gir tilgang til?
Enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no» gir tilgang til å bruka stillingsregistrering og superrask søknad på arbeidsplassen.no. Denne retten gir ikkje tilgang til å få CVer. Tildeler du enkeltretten «Stillingsannonsar på arbeidsplassen.no», kan du vera sikker på at du ikkje gir tilgang til andre tenester enn Navs rekrutteringstenester.
Korleis kan eg halda oversikt over kven som har tilgangar i Altinn?
Alle som har roller i verksemda, kan gå inn på Altinn og sjå kva medarbeidarar som har roller og enkeltrettar, og kva roller og enkeltrettar dei har.