Til Vilkår og retningslinjer
Vilkår for å publisera stillingsannonsar på arbeidsplassen.no
Om du ønskjer å annonsera ledige stillingar på arbeidsplassen.no og Den Europeiske Jobbmobilitetsportalen, må du som arbeidsgivar godta vilkåra under.
Stillingsannonsen blir synleg på arbeidsplassen.no få minutt etter at du har sendt den til publisering. Nav kontrollerer i etterkant og tek kontakt viss annonsen bryt med vilkåra og blir fjerna, slik at du kan retta opp og senda inn for godkjenning på nytt. Alle stillingar publiserte på arbeidsplassen.no, blir også delte med Den Europeiske Jobbmobilitetsportalen (EURES-portalen), og er tilgjengeleg i ope API for stillingar.
Tenesta er kostnadsfri.
Du kan berre annonsera ei ledig stilling på arbeidsplassen.no når du vil tilby ein kandidat tilsetjing.
Du har ikkje høve til å publisera annonsar til oppdrag for sjølvstendig næringsdrivande eller ulike forretningskonsept som til dømes franchise, forhandlar, agentur, nettverkssal og «homeparty».
Du kan ikkje bruka stillingsannonsen til sal eller marknadsføring av varer, tenester eller liknande.
Om du vil tilby tilsetjing, kan du ikkje krevja noka form for avgift eller anna godtgjersle frå arbeidssøkjaren.
Stillingsannonsen din skal gi arbeidssøkjaren tilstrekkeleg informasjon om verksemda, arbeidsoppgåver, godtgjersle og tilsetjingsforhold.
Stillingsannonsen skal ikkje forskjellsbehandla ut frå kjønn, alder, etnisk bakgrunn eller andre kriterium som ikkje er relevante. Annonsen skal heller ikkje ha uetisk innhald eller vera støytande. Den skal ikkje oppmoda til ulovlege handlingar eller vera i strid med norsk lov eller Navs retningslinjer for innhald i stillingsannonsar.
For nokre stillingar, som t.d. personleg assistent, kan det vera aktuelt å presisera i kva grad brukaren er avhengig av hjelp. I slike tilfelle kan det beskrivast om stillinga inneber tunge løft, bistand til morgon/kveldsstell o.l., så lenge det ikkje er mogleg å identifisera brukaren.
Stillingsannonsen skal i utgangspunktet berre publiserast éin gong. Hyppige endringar av annonsen med det formålet å komma høgare opp i stillingssøket er ikkje tillate.
Viss Nav oppdagar ein annonse som ikkje oppfyller vilkåra, kan han bli sletta eller fjerna utan varsling. Nav vil ta kontakt og informera i etterkant.
Personopplysningar
Nav er pålagde å driva ei statleg arbeidsformidling og formidla arbeidskraft. For å kunna tilby desse tenestene til arbeidsgivarar, må me lagra nødvendige personopplysningar knytt til kven som lagar stillingsannonsen, og kontaktperson til stillinga. Me lagrar desse opplysningane:
Stillingar som verksemda har publisert på arbeidsplassen.no, under dette personopplysningar du har oppgitt. Annonsane blir arkiverte og anonymiserte opplysningar blir brukte til statistiske formål.
Så lenge stillingsannonsen er aktiv, blir den delt i eit ope API som tredjepartar kan nytta seg av, til dømes rekrutterings- og bemanningsbransjen.
Informasjon om kven i verksemda som registrerer og redigerer annonsen.
For meir informasjon, sjå Navs personvernerklæring.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss: Kontakt Nav - arbeidsgivar