Personvernerklæring for deg som representerer ein arbeidsgivar
Sist endra 1. februar 2022
Innhald
Medan du er innlogga vil innloggingsinformasjon du gir oppbevarast i ein informasjonskapsel, som gjer at du held fram med å vere innlogga heile tida medan du er inne på sidene våre.
Stillingsannonsar
Vi behandlar stillingsannonsar som verksemda har publisert på arbeidsplassen.no, under dette personopplysningar du har oppgitt i desse, til dømes namn og kontaktinformasjon. Dette inkluderer stillingar sendt inn via rekrutteringssystem vi samarbeider med. Annonserer du stillingane dine i aviser tilknytt Amedia eller Polaris media blir dei automatisk overførte og viste på arbeidsplassen.no. Annonsane blir arkiverte og anonymiserte opplysningar blir brukte til statistiske formål.
Arbeidsgivarar kan ikkje krevje noka form for avgift eller anna vederlag frå arbeidssøkjarar for tilbod om tilsetjing.
Kva formål blir personopplysningane brukte til?
Velfungerande arbeidsmarknad
Arbeidsplassen.no skal bidra ein velfungerande arbeidsmarknad gjennom ei open plattform for arbeidsmarknaden. Vi lagrar og behandlar personopplysningar for å gjere det enklare for jobbsøkjarar å finne jobb og for arbeidsgivarar å skaffe arbeidskraft. Dette er i tråd med Navs samfunnsoppdrag om å få fleire i arbeid.
Statistikk og kunnskap om arbeidsmarknaden
Nav nyttar opplysningane frå arbeidsplassen.no til å utvikle statistikk og kunnskap om arbeidsmarknaden. Les meir i Navs personvernerklæring.
Kor lenge blir opplysningane lagra?
Stillingsannonsar som er offentleg kunngjorde på arbeidsplassen.no er underlagde arkivplikt etter arkivlova §6 og blir varetekne for ettertida.
Kva er det rettslege grunnlaget for behandlinga av personopplysningar?
Offentleg styresmaktsutøving
Nav behandlar personopplysningar for å utøve offentleg styresmakt som følgjer av føresegner i Nav-loven og arbeidsmarknadslova om arbeidsretta oppfølging, sjå særleg Nav-loven § 4 og arbeidsmarkedsloven § 10. Det er også nødvendig å behandle personopplysningane til deg som representerer arbeidsgivar, for at Nav skal kunne oppfylle den overordna oppgåva si med å hjelpe å få jobbsøkjarar i arbeid.
Døme på behandling basert på offentleg styresmaktsutøving:
Kven blir opplysningane delte med?
Brukarar av arbeidsplassen.no
Stillingsannonser er ope tilgjengeleg for alle brukarar av arbeidsplassen.no dersom det blir offentleg publisert. Upubliserte opplysningar, slik som utkast til stillingsannonsar, er berre tilgjengeleg for dei med tilgang i verksemda di. Inaktive annonsar er ikkje synlege i søk, held fram med å vere tilgjengelege gjennom URL-lenkjer i ein periode før dei blir gjorde utilgjengelege.
EURES-databasen
Stillingsannonser som blir publisert på arbeidsplassen.no blir vidaresendt til EURES-databasen. EURES (European Employment Services) er eit samarbeid mellom EU-kommisjonen og EU/EØS-området og Sveits. I Noreg ligg EURES i Nav.
Opne data
Aktive stillingsutlysingar er offentleg publiserte data som Nav igjen tilgjengeleggjer som opne data i tråd med føringar for offentleg styresmakter. Dette blir gjort gjennom Felles datakatalog som blir forvalta av Digitaliseringsdirektoratet.
Databehandlarane våre
For å kunne tilby våre tenester på arbeidsplassen.no nyttar vi databehandlarar, som inneber at vi deler personopplysningane dine med desse. Dette gjeld til dømes IT-leverandørar som har avtalar med Nav. For å lese meir om dette, sjå Navs generelle personvernerklæring.
Kva rettar har du?
Rett til innsyn og retting
Du har rett til å få vite kva personopplysningar vi har om deg, kvar vi har henta dei frå og be om retting av feilaktige opplysningar. Personopplysningar knytte til stillingsannonsar kan rettast i systemet opplysningane vart oppgitt i opphavleg, anten det er eit rekrutteringssystem eller direkte på arbeidsplassen.no. For innsyn i personopplysningar knytte til deg som representant for arbeidsgivar, må du ta kontakt med oss på Nav.no.
Rett til å protestere og rett til sletting
Du har rett til å protestere mot at opplysningane dine blir behandla på arbeidsplassen.no. For å protestere, tek du kontakt med Nav. Nav vil då slutte å behandle opplysningane dine og eventuelt slette dei, med mindre det er tungtvegande grunnar til at Nav likevel må behandle dei.
I heilt spesielle tilfelle vil du kunne ha rett til å få sletta opplysningar om deg. For at vi skal kunne slette personopplysningar om deg, føreset det at Nav ikkje har ei lovpålagd plikt etter arkivlova eller anna lovgiving til å lagre opplysningane.