Personvernerklæring for superrask søknad
Sist endra 16. januar 2023
Superrask søknad er ein frivillig og sjølvbetjent teneste for deg som er jobbsøkjar.
Superrask søknad er meint å forenkla prosessen med å skaffa arbeid for jobbsøkjarar, og dessutan forenkla arbeidsgivars prosess med å rekruttera arbeidskraft.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvaret for behandlinga av personopplysningane dine når du sender inn ein søknad gjennom tenesta superrask søknad.
Innhald
Når du bruker superrask søknad blir det behandla personopplysningar om ditt namn, e-post, telefonnummer, Ip-adresse og opplysningar om kompetansen din. Med unntak av IP-adresse, er dette personopplysningar du sjølv oppgir i tenesta.
Tenesta krev ikkje innlogging, og derfor blir det heller ikkje innhenta personopplysningar direkte frå Folkeregisteret.
Det blir ikkje registrert i tenesta om du er ein frivillig jobbsøkjar, eller om du er ein jobbsøkjar under oppfølging hos Nav. Derfor vil personopplysningar knytt til bruken din av superrask søknad ikkje dukka opp når du loggar deg inn på nav.no.
Kva formål blir personopplysningane brukte til?
Formålet med behandlinga av personopplysningar i superrask søknad er å gjera det enklare for deg som er jobbsøkjar å skaffa arbeid.
Personopplysningane blir behandla for å gi deg høve til å søkja på ledige stillingar på ein enkel og rask måte. Ved å senda inn ein superrask søknad kan du fortelja arbeidsgivar at du er interessert i stillinga, samtidig som du berre gir relevante og nødvendige opplysningar om kompetansen og kontaktinformasjonen din.
Arbeidsgivar får dermed berre tilgang til personopplysningar som er nødvendige og relevante, for å kunna vurdera om du er aktuell for stillinga, og for å kunna kalla deg inn til intervju og liknande.
Rettsleg grunnlag for behandlinga
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i superrask søknad er Personvernforordningen (GDPR) artikkel 6 nr. 1 bokstav e, og lov om arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav-loven) § 4. Behandlinga av personopplysningar er nødvendig for å oppfylla Navs oppgåve med å hjelpa arbeidssøkjarar med å få jobb, og hjelpa arbeidsgivarar med å skaffa arbeidskraft.
Kor lenge blir opplysningane lagra?
Personopplysningane dine blir lagra i tre månader rekna frå utløpsdatoen til stillingsannonsen.
Kven kan få tilgang til personopplysningane dine?
Arbeidsgivarar du sender inn superrask søknad til, får tilgang til personopplysningar som namn, e-post, telefonnummer og kompetansar, som du sjølv registrerer ved innsending av søknaden.
Nav-tilsette, til dømes utviklarar, kan ved tjenstleg behov få tilgang til personopplysningane dine.
Kva rettar har du?
Rett til informasjon
Du har rett til å få informasjon om korleis personopplysningane dine blir behandla. Din rett til informasjon om behandlinga blir vareteke av denne personvernerklæringa.
Rett til innsyn
Du har rett til å få innsyn i kva personopplysningar me har om deg. Du kan be om innsyn i kva personopplysningar som blir registrerte om deg når du bruker tenesta superrask søknad.
Rett til retting
Du kan be om at opplysningar om deg blir retta viss opplysningane er feil eller misvisande. Det er viktig at opplysningar me har om deg er rette og oppdaterte, for mellom anna å sikra at søknaden din blir riktig behandla. Du kan ikkje retta opp allereie innsend søknad, men du kan trekkja tilbake den du har sendt inn, og senda ein ny søknad om ønskjeleg.
Rett til sletting
Du kan ha rett til å få sletta opplysningar om deg. For at Nav skal kunna sletta personopplysningar om deg, føreset det at me ikkje har ei lovpålagd plikt etter arkivlova, eller anna lovgiving til å lagra opplysningane. Du kan sjølv slette ein superrask søknad, ved å bruka lenkja du får tilsendt per e-post etter innsending av søknad. Dersom du vel å sletta søknaden, vil søknaden din også bli sletta frå arbeidsgivars liste.
Rett til avgrensing av behandlinga
Du kan be om at Nav mellombels stoppar behandlinga av opplysningane dine, dersom du meiner at opplysningane me har om deg er feil, eller om du meiner behandlinga er ulovleg. Det same gjeld dersom du meiner at me ikkje treng opplysningane. Når opplysningane blir avgrensa, vil dei framleis bli lagra, men moglegheita til å bruka personopplysningane blir avgrensa.
Rett til å protestera mot behandlinga
Du kan i somme tilfelle ha rett til å protestera mot behandlinga vår av personopplysningane dine. Dersom vilkåra for å protestera mot behandlinga er oppfylte, vil Nav stansa behandlinga, og opplysningane vil eventuelt bli sletta.
Kontakt oss om du har spørsmål
Dersom du har spørsmål om rettane dine eller har fleire spørsmål om personvern, kan du kontakta oss.
Du kan kontakta oss ved å ringje 55 55 33 33, eller logga inn på nav.no og bruka tenesta Skriv til oss om du føretrekkjer det.
Me skal svara på førespurnader om personopplysningar frå deg kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar.
Personvernombodet i Nav kan gi deg råd og rettleiing om korleis me behandlar personopplysningar, og hjelpa deg med å vareta personverninteressene dine.
Kontakt personvernombodet
Du kan klaga til Datatilsynet
Du har rett til å klaga til Datatilsynet om du meiner måten me behandlar personopplysningar på er i strid med personvernreglane.
Informasjon om klage til Datatilsynet