Rekneskapsførar eller erfaren rekneskapsmedarbeidar
Årdal kommune Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Delvis hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 26. mai
Årdal kommune søkjer ein fagleg sterk og framtidsretta fagleiar for rekneskap. Du får ei sentral rolle i vidareutvikling av rekneskapsfunksjonen, mellom anna gjennom å vurdere og ta i bruk digitale verktøy og KI der dette gir betre kvalitet og meir effektive arbeidsprosessar. Vi ser etter deg som har solid rekneskapskompetanse, trivst med ansvar og som er ein pådrivar for utvikling. Stillinga er fast og i 100 %.
Ei rolle med tillit og påverknadHjå oss får du ei sentral rolle i organisasjonen og vert ein viktig støttespelar for både leiarar og tilsette. Du vil vere ein del av økonomiavdelinga, som i dag består av seks årsverk: tre innan rekneskap, to innan løn og økonomileiar. Samarbeidet i avdelinga er tett, og vi legg stor vekt på deling av kompetanse, fagleg tryggleik og eit godt arbeidsmiljø.
Kva inneber stillinga?
I stillinga vil du ha fagleg ansvar for kommunen sin rekneskapsfunksjon. Det inneber å sikre kvalitet og effektivitet i rekneskapsprosessane, bidra til gode rutinar og internkontroll, samt arbeide med rapportering og avstemmingar. Du vil få ei nøkkelrolle i årsoppgjer og budsjettarbeid. Rettleiing og opplæring av kollegaer innan rekneskap, og samarbeid med eksterne revisorar og andre fagmiljø er ein naturleg del av kvardagen.
Kvalifikasjonar – kven ser me etter?
Me ser etter deg som har autorisasjon som rekneskapsførar, eller relevant høgare utdanning innan rekneskap, økonomi eller revisjon, minimum på bachelor-nivå. Har du lang erfaring frå rekneskapsarbeid, frå offentleg eller privat sektor, er det verdifullt. Kjennskap til kommunale rekneskapsreglar, som KOSTRA og GKRS, er ein fordel, men ikkje eit krav. Du handterer ulike digitale verktøy og kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar – kan dette passa for deg?
Som person er du strukturert og nøyaktig, med evne til å sjå både detaljar og heilskap. Du bidreg til samarbeid, likar å rettleie andre og tek initiativ til forbetringar. Samstundes er du sjølvstendig, fleksibel, evnar å prioritere og tek ansvar for å holde tidsfristar.
Kva kan me tilby deg?
Årdal kommune tilbyr ei spennande stilling i eit godt og inkluderande fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du får fleksibel arbeidstid, høve til heimekontor etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale. I tillegg har kommunen tilgang til bedriftshytte, tilgjengeleg for tilsette.
Praktisk informasjon
Me ynskjer tiltreding snarast mogleg, eller etter nærare avtale.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b95a612c-8f1b-4fa7-b0b2-b8f5f352b80e
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3620817_226795_nn