Reinhaldsoperatør/reinhaldar i 100% fast stilling
Lærdal kommune Tekniske tenester reinhald
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldsoperatør/reinhaldar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. mai
I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.
Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.
Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.
Har du lyst til å vera reinhaldar/reinhaldoperatør i Lærdal kommune? Me har ledig ein 100% stilling som reinhaldsoperatør/reinhaldar, frå 1.august 2026
Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar:- Fagbrev innan reinhaldsoperatørfaget eller allsidig røynsle frå reinhaldsfaget
- Ynskjeleg med førarkort klasse B.
- Søkjar må kvalifisera til politiattest
- Søkjar må beherska norsk skriftleg og munnleg.
- Dagleg reinhald i kommunale bygg.
- Arbeidstid 06.00-13.30
- Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, med plassering i garantilønstabell i gruppe 1, basert på utdanning, kompetanse og ansiennitet.
- Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
- Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
- Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
39457465-4da9-40d1-b5a6-c4634e325b1f
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3623671_228187_nn