Hopp til innhold

Bu- og miljøtenesta: Vil du bli vår nye kollega i eit godt og spennande fagmiljø?

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Sone Sogndal

Sted

6851 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune søkjer deg som vil jobbe fast i sone Sogndal. Her får du ein jobb der du er tett på menneske og der du faktisk ser at det du gjer har verdi i kvardagen til den enkelte. 

Me har no ledig 100 % fast stilling og 22,89 % fast helgestilling, med oppstart snarast. 

Det kan bli aktuelt å tilsetje i fleire stillingar enn dette, ettersom behova kan endre seg, gi gjerne beskjed dersom du ønskjer å bli vurdert for fleire stillingar. 

Kva går jobben ut på? 
I bu- og miljøtenesta jobbar me med barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Målet er å skape trygge, meiningsfulle og føreseielege kvardagar.  

Arbeidet kan mellom anna innebere: 

  • Praktisk og sosial støtte i heim og bustad 

  • Miljøarbeid og struktur i kvardagen 

  • Aktivitetar tilpassa den enkelte sine interesser og utvikling 

  • Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar 

  • Dokumentasjon og fagleg oppfølging 

Du blir ein del av eit team, men mykje av jobben handlar om relasjonen mellom deg og den du jobbar med. 

Kvifor søkje denne stillinga? 
Du får føreseielegheit, fagmiljø og utvikling – ikkje berre ekstravakter eller deltidsarbeid.  

I tillegg får du sjølvsagt: 

  • Fast tilsetjing med prøvetid på 6 månader 

  • Opplæring og rettleiing 

  • Eit fagmiljø som bryr seg om kvalitet 

  • Lønn etter gjeldande avtaleverk 

  • Kven ser me etter? 
    Me vil gjerne snakke med deg som er miljøterapeut, miljøarbeidar eller miljøassistent. Du må vere over 18 år. Det er ein fordel med erfaring eller utdanning innan helse, sosialfag eller arbeid med barn og unge, men det viktigaste er kven du er. 

    Me ser etter deg som: 

    • Er trygg og tolmodig 

    • Har evne til å skape tillit 

    • Er omsorgsfull og tydeleg 

    • Klarer å stå i krevjande situasjonar 

    • Ser moglegheiter framfor avgrensingar 

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Du må ha sertifikat og tilgang til bil. Grunna behov hos tenestemottakar oppmodar med spesielt menn til å søkje.  

    Praktisk informasjon:

    • 100 % fast stilling 

    • Oppstart snarast 

    • Arbeidsstad: Sogndal 

    • Politiattest av ny dato må leggjast fram før tilsetjing 

    • Teiepliktsskjema må underteiknast 

    Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. 

    I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla før eventuell offentleggjering. 


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Liza Eun Bee Kraavik Skogsrud

    Avdelingsleiar

    +47 Liza Eun Bee Kraavik Skogsrud

    Liza.E.B.Kraavik.Skogsrud@sogndal.kommune.no

    Om bedriften

    Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    fcf401ad-9cca-4805-8889-bcb4c6cd661a

    Sist endret

    16. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3596829_209579_nn

    Lignende annonser

    Bu- og miljøtenesta: Vil du bli vår nye kollega i eit godt og spennande fagmiljø? - arbeidsplassen.no