Hopp til innhold

Lærdalsøyri barnehage er på utkikk etter deg som ønsker å jobbe i barnehage

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Me har ledig engasjement som fagarbeidar eller assistent for barnehageåret 26/27
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 28. mai

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.Har du lyst til å jobbe med ein gøyal gjeng i Lærdalsøyri barnehage?

I Lærdalsøyri barnehage jobbar me for å gjere Lærdal kommune til ein god stad å bu. Me ser etter deg som likar born, er god på relasjonsbygging, samarbeid og utvikling. Du må like å vere i bevegelse, bruke heile deg og bidra til eit lærande miljø for borna.

Som fagarbeidar eller assistent tek du del i det daglege arbeidet på avdelinga. Du må trivast med foreldresamarbeid, og du må ha oversikt og sjå kvar du trengst på avdelinga.

Du må like å gå på tur, vere ute i all slags ver året rundt og ikkje minst bruke omgjevnadane inn i det pedagogiske arbeidet med borna. Å undre seg saman med borna, og kunne ta deira perspektiv er viktige eigenskapar me ser etter.

Gjennom «Tett på barn og unge i Lærdal» satsar Lærdal kommune på «Betre tverrfagleg innsats». Les meir her Tett på barn og unge i Lærdal 

Me deltek for tida i eit REKOMP utviklingsarbeid med fokus på næringsrik og berekraftig mat i barnehagen. Utviklingsarbeid er ein viktig del av vårt pedagogiske arbeid, og for å lukkast med dette må alle tilsette bidra aktivt.

Ønskjelege kvalifikasjonar:
  • Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan og søkje
  • Det er ei føremon med erfaring frå barnehage
  • God på relasjonar og samarbeider godt med dei rundt deg
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Ansvarsfull, sjølvstendig og likar ein travel og hektisk arbeidskvardag

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Arbeidsoppgåver:
  • Planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar på avdelinga
  • Tett samarbeid med pedagogisk leiar og det øvre personalet
  • Som barne- og ungdomsarbeidar kan du forvente å måtte vere stadfortredar for pedagogisk leiar eller barnehagelærar
  • Andre arbeidsoppgåver må påreknast
Me tilbyr:
  • Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, med plassering i garantilønstabell.
  • Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
  • Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.

 

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Magrete Hatlelid

40825575 40825575

anne.magrete.hatlelid@laerdal.kommune.no

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b7e917d4-c8b1-4288-8e22-ed88b1c774d8

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3627841_228191_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser