Hopp til innhold

barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skulevegen 9, 5745 Aurland

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 16. juli

Om stillinga

Me har ledig to 100% mellombelse stillingar som barne- og ungdomsarbeidar for komande barnehageår.  Ei stilling er i Flåm barnehage, den andre i Aurland barnehage. 

Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage, som var ferdigstilt i mars 2022. Barnehagen ligg nær barne- og ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Barnehagen har faste utedagar og eit godt miljø for store og små. Her er fire avdelingar med 16 tilsette og 54 barn.

Flåm barnehage ligg fint til på Lunden. Me er ein god og veldriven barnehage med gode moglegheiter for eit aktivt tilbod med skog, fjell og fjord som nærmiljø.  I denne barnehagen er det to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn.

Me søker deg som er oppteken av å gjere ein forskjell og vere ein aktiv bidragsytar til å skape ein god kvardag for barnehagebarna våre. Me ynskjer at du er engasjert, trygg og oppteken av å skapa meistring i kvardagen. Det er fint om du har erfaring frå arbeid med born, men det er ikkje noko krav. 


Arbeids- og ansvarsområde

  • delta aktivt i barna sin leik og aktivitetar
  • skape trygge og gode relasjonar til barna
  • observere og følge opp einskilde barn og barnegrupper
  • bidra til barna sine sosiale, motoriske og språklege utvikling
  • bidra til eit godt og inkluderande miljø for både barn og vaksne
  • delta i møter, kurs og intern opplæring
  • utføre praktiske oppgåver
  • bidra i planlegging og gjennomføring av pedagogiske opplegg
  • medverke til gode rutinar og struktur i kvardagen

Kvalifikasjonar

  • Me ynskjer at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • manglar du utdanning og erfaring, men ønsker å jobbe med barn, er du velkomen til å søke

 


Personlege eigenskapar

Barna skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne. Me vil difor at du:

  • vil bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • er fleksibel og endringsvillig
  • er positiv og lærevillig
  • er leiken og oppteken av å skape aktivitet og meistring

Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.


Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter tariff 
  • minimum 6 års tilleggsansiennitet (ved fagbrev og høgskuleutdanning)
  • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdstiltak )
  • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære 
  • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
  • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • krav om politiattest etter barnehagelova av nyare dato

Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.


Kontaktpersoner for stillingen

Else Berit Kyte

Fungerande styrar Aurland barnehage

+4799207109

else.berit.kyte@aurland.kommune.no

Marianne Christensen

styrar Flåm barnehage

+4791563796

marianne.christensen@aurland.kommune.no

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e01807d4-6351-490c-94b4-e16d1e765da5

Sist endret

24. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10301051

Lignende annonser

Laster lignende annonser