Fagleiar fysioterapi
Aurland kommune
Vangen 1, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagleiar fysioterapi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Om stillinga
Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar fysioterapi frå 01.03.26. Vil du vere med å utvikle fagfeltet, få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag og ha ei sentral rolle i tenesta? Då oppmodar vi deg til å søke.
Som fagleiar har du ansvar for å leie og samordne det faglege arbeidet i fysioterapitenesta, og for å sikre at tenestene held høg kvalitet.
Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda.
Hjå oss er det er også eit tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst.
Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule.
Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av.
Arbeids- og ansvarsområde
- Utøve allmenn fysioterapi, i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar
- Koordinering og tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing av pasient, samarbeidspartnarar og pårørande
- Dokumentasjon og elektronisk samhandling
- Handsaming av søknadar, tilvisingar og iverksetjing av tenester
- Koordinering av det faglege arbeidet i fysioterapiavdelinga , og sikre at tenesteytinga er av god fagleg kvalitet.
- Sikre at turnusfysioterapeut får rettleiing i tråd med krav, og vere kontaktperson ovanfor utdanningsinstitusjonar og Statsforvaltaren i samband med dette.
- Ansvar for at Helfo oppgjer vert gjort i tråd med prosedyre, og for utarbeiding av fakturagrunnlag eigendelar for fysioterapi.
- Bistå i rapportering og søknad om tilskot innan fagområdet.
- Ansvar for å utarbeide og oppdatere rutinar og prosedyrar for fysioterapeut i kommunen sitt kvalitetssystem.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- fleksitidsordning
- tenestebil
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- barnehageplass i Aurland barnehage, med atterhald om ledig plass.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- Bachelor i fysioterapi med norsk autorisasjon
- Det er ynskjeleg med vidareutdanning, eller interesse for å ta vidareutdanning innan fagfelt som:
- geriatri
- rehabilitering
- barn og unge
- psykomotorisk fysioterapi
- lymfødem- og lipødembehandling - Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Me vil at du:
- Er serviceinnstilt
- Er fagleg dyktig
- Arbeider sjølvstendig
- Har god arbeidskapasitet
- Samarbeider godt med andre, og i team
- Har behova til brukaren i fokus
- Er ansvarsbevist, strukturert og lojal
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- politiattest av nyare dato må leverast når du byrjar i stillinga
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktpersoner for stillingen
Joachim Bendiksen Hagen
Stabsleiar helse og omsorg
+4795984651
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 830 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56a988d8-348d-4e68-bbce-14689794cd59
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273123
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland
Barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Flåm, Aurland
Personleg assistent
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland