Hopp til innhold

Tilkallingsvikar oppvekst

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skulevegen 5, 5745 Aurland

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarar oppvekst
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
10
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Om stillinga

Me ynskjer fleire tilkallingsvikarar i kommunalområde oppvekst. 

Skriv gjerne i søknaden kva avdeling, sjå under, du ynskjer å jobbe i. 

Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukshall og fine turområde. 

Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å bruke naturen omkring. 

Flåm skule er ein fådelt 1-4 skule som ligg flott til nedst i Flåmsdalen med Flåmsbana som god nabo. Elevane kjem frå Gudvangen, Undredal og Flåm.

Aurland barne- og ungdomsskule (Abu) har elevar frå 1. til 10. klassetrinn. Skulen ligg sentralt til og har god tilgang på ulike idrettsanlegg, natur og lokale samarbeidspartnarar. 

Aurland kulturskule er lokalisert i  Aurland idretts- og samfunnshus (AIS) og ved Flåm skule. Vi tilbyr undervisning i musikkfag (for tida grunnopplæring, gitar, bass, piano, slagverk og vokal), dans og biletkunst. 

Aurland folkebibliotek har fine lokale i første etasje ved Aurland barne- og ungdomsskule. Biblioteket er ope 5 dagar i veka, og her må ein vere innstilt på å yte god sørvis og ha interesse av og/eller kompetanse på litteratur. Digitale ferdigheiter og gode samarbeidsevner er viktig. 

Aurland fritidsklubb held til i store lokale like ved AIS. Klubben er open tysdag, onsdag og fredag, og har tilbod for 5.trinn til 18 år. Her er det viktig å vere ein trygg rollemodell for ungdomane våre som tek ansvar. Fritidsklubben er eit uformelt tilbod som er på ungdomane sine premiss.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere etter funksjonen du vikarierer i.

 


Me tilbyr

  • faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter tariff  

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning / erfaring innan området 

  • Personlege eigenskapar

    Du må vere ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig at vi er tilstades for born og ungdom, men også har evne til å samarbeide med kollegaer.

    Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


    Løns- og tilsetjingsvilkår

    Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

    Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest.


    Generell informasjon om søknadsprosessen 

    Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

    Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

    NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.


    Kontaktpersoner for stillingen

    Odd Einar Fimreite

    rektor

    +4790518131

    odd.einar.fimreite@ardal.kommune.no

    Marianne Christensen

    styrar Flåm barnehage

    +4791563796

    marianne.christensen@aurland.kommune.no

    Kristin Helen Takvam Rekve

    kommunalleiar oppvekst

    +4799207198

    kristin.takvam.rekve@aurland.kommune.no

    Om bedriften

    Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

    Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    83151dc3-ab12-40cd-b44e-c915376161c0

    Sist endret

    29. juni 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10301796

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser