Vikariat som barnehagelærar
Sogndal kommune Furuli barnehage
Dalkupvegen 3, 6854 Kaupanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. juli
Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode buss-samband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger.
Me har no ledig eit vikariat som barnehagelærar frå 10.08.26- 31.01.27. Det er ein mogelegheit for at vikariatet kan bli noko forlenga.
Barnehagen ligg på toppen av byggefeltet på Kaupanger. Me er ein stor barnehage, med 6 avdelingar. Det gjer at me deler oss på tre ulike uteleikeplassar. I tillegg har me flotte leikeområde med skog og bø rett utanfor porten til barnehagen.
Me har ein lavvo og uteleikeplass i skogen, som gjev andre moglegheiter for leik. Det vert både korte og lengre turar i skogen og nærområdet. Me kan og bruka ballbingen, som skil oss berre med ei grind. Barnehagen har fine fasilitetar inne med gode romløysingar, motorisk rom som gjev moglegheit for ulike aktivitetar og sanserom.
I Furuli barnehage jobbar me kontinuerleg med utvikling av leikekompetanse og vaksenrolla.
Arbeidsoppgåver:
- Medverke til å skape eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Ansvar saman med pedagogisk leiar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Medverke til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- Bidra fagleg til drifta av ei avdeling i barnehagen
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette
- Bidra til eit godt samarbeid på tvers av avdelingane
- Gi og ta imot rettleiing til/frå tilsette
- Leggje til rette for og gjennomføre aktuelle dagsplanar og vere der for barna
- Bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute
- Ta del i praktiske oppgåver som påkleding og rydding m.m.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent barnehagelærarutdanning
- Erfaring med arbeid med barn og unge
- Beherske norsk godt, både lesing, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar :
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Fysisk aktiv og leiken både inne og ute
- Engasjert i barna, ta initiativ , ansvar og vere fleksibel
- Fagleg engasjert
- Evnar å skape gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar
- Kunne samarbeide med andre
- Taklar høgt tempo i kvardagen
- Kunne planlegge og leie ulike aktivitetar med barna
- Godt humør
- Kunne gje og ta imot rettleiing
Personlege eigenskapar vert vektlagt i prosessen.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Kjekke og varierte dagar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Oppfølging og rettleiing
- Bedriftstrening
- Gratis parkering
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c2cdeb6-9802-46eb-b19b-7731eb3194c3
- Sist endret
24. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3640995_199191_nn