Hopp til innhold

Bioingeniør - fast stilling

Arbeidsgiver

LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank ved Lærdal sjukehus søkjer bioingeniør i 100% fast vaktgåande stilling.  Oppstart etter avtale. 

Vi søkjer deg som ønskjer fagleg interessante og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk bioikjemi og transfusjonsmedisin. Dette er ei spennande stilling med rullering i fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, PNA og transfusjonsmedisin samt tapping av blodgjevarar. Ein får nytte  stor breidde av utdanninga og det er gode utviklingsmoglegheier.

Stillinga inngår i vaktturnus med  aleinevakter kveld/natt og helg. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogeleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen. Det blir gitt grundig opplæring i alle fagfelt før ein startar i turnus.

Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.

Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko. 

I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar. Vi tilbyr nyoppussa leilegheiter til utleige. 

Lærdal kommune ligg i området for årleg nedskriving av studielån à kr 25 000,-.

Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal.


Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid etter godkjente prosedyrar
  • Rullering innanfor klinisk-kjemi, hematologi, koagulasjon, urinar, pasientnært utstyr, transfusjonsmedisin, blodprøvetaking.
  • Turnus, med arbeid kvar fjerde helg

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning.
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fagleg engasjement
  • Initiativrik 

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeid og godt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Husvære 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5113822944
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Kari Grøttebø

Seksjonsleiar

(+47) 576 40 020

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d4b716f0-2953-4ace-8dd8-49e167d9573f

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c62ff1427be2478f996eae114722e4ba

Lignende annonser

Laster lignende annonser