Hopp til innhold

100% fast stilling som sjukepleiar

Arbeidsgiver

Årdal kommune Pleie og omsorg

Sted

Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 23. april

Ynskjer du å vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag? Årdal kommune søkjer engasjert sjukepleiar til ein meiningsfull jobb i pleie og omsorg.

Er du sjukepleiar med hjartet på rette staden og ekte engasjement for eldreomsorg? Då kan dette vere arbeidsplassen for deg. Hjå oss får du ein variert og viktig jobb der fagkunnskapen din verkeleg betyr noko – både for pasientane og for teamet rundt deg.

 

Me har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i pleie og omsorg.
Arbeidsstad kan variere innanfor tenesteområdet ut frå behov – noko som gir deg brei erfaring og ein spennande arbeidskvardag.

 

Kvifor jobbe hjå oss?

I Årdal kommune møter du ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse, godt kollegialt miljø og ein kultur der tillit, samarbeid og fagleg utvikling står i sentrum. Pasientane våre har ofte samansette behov, og du får arbeide tett på menneske som treng deg – med rom for både faglege utfordringar og sterke, fine møte.

 

Sitat frå ein av våre tilsette:
«Eg trivast godt i heimesjukepleien. Det er eit godt fagleg miljø, sosialt, med kjekke pasientar og kollegaer – og mange faglege utfordringar som gjer at arbeidsdagen er variert og spennande.»

Me jobbar aktivt med velferdsteknologi og har fokus på tiltak som gjer at brukarane kan bu heime lengst mogleg. Du blir del av eit miljø som er nytenkjande, fagleg sterkt og alltid på jakt etter gode løysingar for pasientane.

 

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar hjå oss vil du få eit breitt spekter av oppgåver, mellom anna:

  • sjukepleiefagleg oppfølging av både heimebuande og bebuarar i institusjon
  • tett samarbeid med pasientar og pårørande, med fokus på livskvalitet og kva som er viktig for kvar enkelt
  • ansvar for journalarbeid og dokumentasjon etter gjeldande retningslinjer
  • aktiv deltaking i eit godt arbeidsmiljø og effektiv ressursbruk
  • faglege vurderingar, kartleggingar, ernæringsoppfølging og palliativ omsorg
 Kvalifikasjonar
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • førarkort

 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er fagleg engasjert, løysingsorientert og trygg i møte med menneske. Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø, arbeider godt saman med andre og har eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet. Du likar å bruke heile breidda i sjukepleiefaget og er nysgjerrig på vidare fagleg utvikling.

 

Dette kan me tilby deg
  • ein meiningsfull jobb der du får bruke faget ditt fullt ut
  • trygge rammer og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • bedriftshytte på Skeikampen
  • løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med hovudtariffavtalen
  • årsturnus i ei døgnkontinuerleg teneste – moglegheit for lange helgevakter

Vil du vite meir?
Ta gjerne kontakt for ein uforplikta prat – me fortel deg gjerne meir om korleis det er å jobbe hjå oss.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Mette Kleiva

+47 97512679 +47 97512679

mette.kleiva@ardal.kommune.no

Om bedriften

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

469c380f-b799-4415-8528-cf62003f244c

Sist endret

8. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3615089_229361_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser