Innhaldsmedarbeidarar
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Strandgata 8, 9008 Tromsø
Om jobben
- Stillingstittel
- Innholdsmedarbeidere
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. mai
Om stillinga og avdelinga
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse søkjer to innhaldsmedarbeidarar som vil vere med og ferdigstille ei ny teneste, Min karriereplan, på Utdanning.no. Stillingane er mellombelse, sidan prosjektet varer ut 2026. Arbeidsstaden er Tromsø.
Utdanning.no lagar innhald og digitale tenester for utdannings- og karriereval for heile befolkninga. Vi samanstiller og omformar informasjon frå mange ulike datakjelder, og er opptekne av kvalitet, brukartilpassing og innovasjon. Brukarane våre skal finne og forstå informasjon om utdanningar og arbeidsmarknaden, og vi skal hjelpe dei til å ta informerte utdannings- og karriereval.
Du blir ein del av ei avdeling på rundt 25 tilsette, fordelte på eit innhaldsteam og eit teknisk team i Tromsø. Stillinga er ein del av innhaldsteamet, og jobbar tett med både prosjektgruppa for Min karriereplan og yrkesteamet, som jobbar med kontinuerleg kvalitetssikring av 600 yrkesskildringar på Utdanning.no.
Arbeidsoppgåver
Du vil ha ei sentral rolle i å ferdigstille Min karriereplan på Utdanning.no, og du blir ein del av eit fagleg sterkt miljø som er oppteke av godt språk, struktur og brukartilpassing. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere å
- finne, verifisere og leggje inn krav for yrke og jobbar i Min karriereplan på Utdanning.no
- kvalitetssikre krava ved hjelp av fag- og bransjeorganisasjonar, som du kontaktar og følgjer opp
- delta i innhaldsteamet sitt arbeid med anna kvalitetssikring og vidareutvikling av yrkesskildringane, i tillegg til anna innhaldsarbeid
Denne kompetansen må du ha
- fullført relevant utdanning (fagbrev, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning i varierande omfang) eller tilsvarande realkompetanse
- svært god skriftleg framstillingsevne på norsk, og god forståing for klarspråk
- god munnleg framstillingsevne på norsk
- erfaring med å jobbe strukturert over tid
- erfaring med å jobbe med tekst og informasjon i digitale verktøy
- erfaring med publiseringsløysingar for nett, til dømes Drupal, Episerver eller Wordpress
- erfaring med arbeid med SEO og GEO/AEO
- gode ferdigheiter i nynorsk
Vi søkjer deg som
- jobbar sjølvstendig, men som òg trivst med å jobbe i team
- har god gjennomføringsevne
- er nøyaktig og systematisk
Vi legg vekt at du er personleg eigna for stillinga.
Hos oss får du
- eit svært hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø i flotte lokale i Tromsø sentrum
- tett samarbeid med dyktige kollegaer, med høgt fokus på fagleg utvikling og delingskultur
- meiningsfulle arbeidsoppgåver som bidreg til at fleire tek informerte utdannings- og karriereval
- fleksibel arbeidstidsordning og høve til heimekontor inntil to dagar i veka
- høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka
- høve for mobiltelefonordning
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar
Lønsvilkår
- stillinga blir innplassert som konsulent eller førstekonsulent med ei lønsramme frå 500 000,- til 650 000,- kroner, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgivar for Kunnskapsdepartementet, og set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling ved universitet og høgskular.
Vi arbeider for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle gjennom heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Les meir om HK-dir her:
https://hkdir.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ebf3470c-bc24-445c-a86e-bf1ec57a7a2d
- Sist endret
27. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10293206