Hopp til innhold

Vikariat som einingsleiar institusjonsteneste

Arbeidsgiver

Helse og omsorg, Sande kommune

Sted

Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat som einingsleiar institusjonsteneste
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du vere med og løfte omsorgstenestene i Sande kommune?

Vi søkjer etter ein leiar som ser menneska rundt seg – både tilsette og brukarar. Ein som skapar arbeidsglede, gir retning, og motiverer kollegaer til å gjere ein forskjell i kvardagen. Som vikar for vår einingsleiar for institusjonstenestene får du ansvar for sjukeheimen, kjøkkenet og dei dyktige medarbeidarane som står på for brukarane våre kvar dag. Tenestene er samla ved Sandetun omsorgssenter – her vil du òg ha kontorplassen din, tett på det daglege arbeidet og dei som får og gir omsorg. I første omgong er stillinga ledig i seks månadar. 

 

Hos oss får du vere med på spennande utviklingsarbeid i ein sektor som betyr mykje for innbyggjarane våre. Vi håpar at du har lyst til å påverke, bygge kultur og bidra til at Sande kommune blir oppfatta som ein berekraftig og god arbeidsplass.

 

Som vikar for vår einingsleiar for institusjonstenestene får du ansvar for sjukeheimen, kjøkkenet og dei dyktige medarbeidarane som står på for brukarane våre kvar dag. Tenestene er samla ved Sandetun omsorgssenter – her vil du òg ha kontorplassen din, tett på det daglege arbeidet og dei som får og gir omsorg.

 

Institusjonsteneste er ei av fire einingar i helse og omsorgssektoren, saman med heimeteneste, bu og habilitering og helse- og koordinerande eining. Einingsleiar rapporterer til kommunalsjefen for helse og omsorg.

 

Vi nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og er opptatt av å vere ein organisasjon der folk kjenner seg heime, blir sett og får utvikle seg.


Arbeidsoppgåver

  • Leie, forvalte og koordinere både dei faglege og menneskelege ressursane innanfor vedtekne rammer
  • Personal-og økonomiansvar
  • Ansvar for drift og utvikling av tenestene
  • Kompetanseutvikling og kvalitetsforbetring
  • HMS og internkontroll

Kvalifikasjonar

  • Høgskoleutdanning innan helse-/sosialfag - fortrinnsvis autorisasjon som sjukepleiar
  • Leiarutdanning-/vidareutdanning innan eit eller fleire relevante fagfelt kan vere ein fordel
  • Gode evner- og interesse for leiing
  • Relevant arbeidserfaring
  • Endringskompetanse
  • Innsikt og interesse for tenestene
  • Erfaring med fleirfagleg samarbeid båe ekstern og internt

Personlege eigenskapar

  • Du er ein inkluderande og relasjonsorientert leiar
  • Du har gode samarbeidsevner og ynskje om å samarbeide til det beste for pasientar, pårørande og tilsette
  • Du evnar å prioritere og gjennomføre avgjersler
  • Du ser løysningar og utfordringar - der andre ser problem
  • Du kan kommunisere godt og er god på digitale verktøy

Personleg eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling der du får medverke i personalutvikling og helsetenesten i kommunen
  • Ein arbeidsgjevar som prioriterar kommunikasjon, digitale ferdigheter, tverrfagleg innsats og som tek eit utvida samfunnsansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og tariffavtaler

Kontaktinformasjon

Jørn Velle Moldskred, kommunalsjef helse og omsorg, +47 95843881

Arbeidsstad

Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 5045299573
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 28.12.2025

Om bedriften

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0654182-7a9a-46fa-bd2c-5185e7d9ed75

Sist endret

29. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

f9fb4fb3cfa14edfbaa692852b36a485

Lignende annonser

Laster lignende annonser