Hopp til innhold

Avdelingleiar Ørstaheimen avd. Bakketun

Arbeidsgiver

Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune

Sted

Håkonsgata 78, 6150 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 15. mai

I Ørsta kommune er det frå 1.9.2026 ledig stilling som avdelingsleiar i kommunalområde helse, omsorg og velferd, med f.t. Bakketun som tenestestad. 

Bakketun er ei skjerma avdeling for personar med demens  og  og har 16 plassar, fordelt på to grupper. Vi har fokus på fagleg kvalitet, tryggleik og personsentrert omsorg. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.

Om stillinga:

Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle med både fagleg og administrativt ansvar for Bakketun. Stillinga er både spennande og fagleg utfordrande, og gir gode høve til kontinuerleg tverrfagleg samarbeid. Vi legg vekt på at du arbeider strukturert og målretta i tråd med kommunen sine kvalitetsstandardar, og at du aktivt bidreg til ein god og effektiv pasientflyt.

Avdelinga har eit sterkt fokus på utvikling, samhandling og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Du vil vere ein del av tenesteleiar si leiargruppe og samarbeide tett med andre avdelingsleiarar. Godt teamarbeid på tvers av avdelingane er avgjerande for å utvikle framtidsretta og berekraftige helsetenester.

Ørstaheimen arbeider aktivt med tenestesamarbeid og utvikling, og som avdelingsleiar vil du vere ein sentral del av dette arbeidet.
Som heiltidskulturkommune arbeider vi med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre rett fagkompetanse heile døgnet, og vi søkjer ein leiar som vil vere med på å vidareutvikle denne kulturen.


Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag og personaloppfølging i si avdeling. Oppgåvene er mellom anna:

  • Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivå 
  • Oppfølging av tilsette  
  • Kvalitetutviklingarbeid og rapportering
  • Planlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. turnusplanlegging

Slagordet, visjonen og verdiane til Ørsta kommune gir retning og forpliktar til utøving av godt leiarskap. Som avdelingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for å bidra til heilskapen i tenesteområdet. No arbeider vi målretta for å skape ein heiltidskultur i organisasjonen og leiarane våre er ein viktige medspelarar i dette arbeidet. Vi vil ha leiarar som medverkar til at medarbeidarar opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar leiaravtalar, tett-på-samtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet. Du vil ta del i kommunalområdet sin leiarutviklingsprosess og i tenesteområdet sine leiarmøte.

Kvalifikasjonar

Det vert søkt etter offentleg godkjent sjukepleiar. Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle faget og tenestene våre vidare, og som vektlegg relasjonskompetanse og medarbeidarskap. Det er ynskjeleg med leiarerfaring og tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon. Søkjar utan tilleggsutdanning, men med relevant praksis kan likevel vere aktuell for tilsetjing, på vilkår om å forplikte seg til å ta slik utdanning innan 3 år.

Vi vil særleg leggje vekt på følgjande: 

  • Leiarerfaring
  • Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar
  • Kunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske
  • Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet 
  • Kunnskap om turnusplanlegging. Fordel med erfaring frå turnusprogrammet ressurststyring (RS), men ikkje eit krav 
  • Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Kunne arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig 
  • Evne til å inspirere og ta initiativ
  • Evne til å leie, motivere og skape resultat
  • Ein leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sine
  • Evner å sjå på tenesteområdet i eit heilheitleg perspektiv og er med å sette måla for tenesten ut i praksis 

Vi tilbyr

  • Ei lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgang til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3   Stillingskode 9454 Avdelingsleiar
Arbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det kan bli nytta gruppeintervju.

Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5116273852
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Wenche Flo

Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim

957 12 120

wenche.flo@orsta.kommune.no

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a4a9d0a8-d07f-4a8f-89ee-260d024505a2

Sist endret

24. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

31bb7c44f1124cee95aff944bcc4a1fb

Lignende annonser

Laster lignende annonser