Hopp til innhold

Ferievikar i helse- og omsorgsetaten

Arbeidsgiver

Ulstein kommune

Sted

Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar i helse- og omsorgsetaten
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

Vi byr på spennande og meiningsfulle sommarjobbar i helse- og omsorgsetaten i Ulstein!

Er du i eit relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg? Kanskje du ønskjer å finne ut om arbeid i omsorg er noko for deg?

Vi kan tilby deg inntil 100% stilling i perioden 15.06. - 16.08.26.

Tilsetting vert gjort fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter ferievikarar til dei ulike avdelingane ved

  • Alvehaugen (sjukeheim, omsorgsbustader, kjøkken, ambulerande vaktmeister (sjåfør), dagsenter for eldre)
  • Heimetenestene (omsorgsbustader ved Ulshaugen, Holsekerdalen, Petterbakken, Hovstøylvegen, teneste til menneske med utviklingshemming, personleg assistanse, heimehjelp og heimesjukepleie)

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med søkjarar som har fagkompetanse, er i relevant utdanningsløp, eller har erfaring innan helse og omsorg
  • Alle som er interessert i å jobbe med menneske er velkommen til å søkje
  • Godkjent politiattest av ny dato må framvisast før oppstart
  • Førarkort for personbil er eit krav ved nokre avdelingar. Det er fordel om du også disponerer bil. Oppgi i søknad om du har dette.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter personar som er:

  • interessert i å bidra til gode dagar for våre tenestemottakarar
  • interessert i å lære
  • arbeidsvillig

Du må oppgi i kva for periode du kan arbeide i søknaden. Fortel litt om deg sjølv og om du har spesielle ønskje om arbeidsstad og arbeidsoppgåver. Vi søkjer primært etter personar over 18 år og treng søkjarar som kan arbeide i perioden frå veke 25-33. 

Legg ved vitnemål og attestar då desse dannar grunnlag for fastsetting av ansiennitet og lønn.

Vi tilbyr

  • eit variert arbeid saman med kjekke kollegaer
  • ei god arbeidserfaring for karrierevegen vidare
  • god opplæring
  • tilgang til digitalt opplæringsprogram med kursbevis for fullførte kurs
  • mange ulike arbeidsområder
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

Vi ønskjer kontinuitet i arbeidet, og prioriterer difor dei som kan jobbe meir enn 5 veker i ferieperioden.

Kontaktinformasjon

Heidi Strand, Einingsleiar 1, 98230640, heidi.strand@ulstein.kommune.no
Marlen Breivik Kristensen, Einingsleiar 2, +47 98230612
Gunn Sætre, Einingsleiar 3, 98230617, gunn.satre@ulstein.kommune.no
Gunn Helen Hauge Muren, Einingsleiar 4, 98230615, gunn.helen.muren@ulstein.kommune.no
Aase Djupvik, Einingsleiar 5, 48168222, aase.djupvik@ulstein.kommune.no

Arbeidsstad

Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune

Referansenr.: 5061450380
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Aase Djupvik

Einingsleiar 5

48168222

aase.djupvik@ulstein.kommune.no

Gunn Helen Hauge Muren

Einingsleiar 4

98230615

gunn.helen.muren@ulstein.kommune.no

Gunn Sætre

Einingsleiar 3

98230617

gunn.satre@ulstein.kommune.no

Marlen Breivik Kristensen

Einingsleiar 2

+47 98230612

Heidi Strand

Einingsleiar 1

98230640

heidi.strand@ulstein.kommune.no

Om bedriften

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2ea63ee2-6e0e-476b-b52f-eaac06a02082

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f0dec076e12c4943860fcc70a30dd176

Lignende annonser

Ferievikarar 2026

Arbeidsgiver

Kommunalområde helse, Sykkylven kommune

Sted

Sykkylven, Sykkylven