Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Helse og omsorg, Sande kommune
Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, lørdag og søndag
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som sjukepleiar/ spesialsjukepleiar med oppstart etter avtale. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønsker å bidra til trygge og gode tenester.
Sandetun sjukeheim har to avdelingar med varierte og fagleg spanande oppgåver:
Tingstova – somatisk sjukeheimsavdeling med langtids- og korttidsplassar, kommunal akutt døgneining (KAD) og avlastningsopphald
Solsida – avdeling med langtidsplassar for personar med demensdiagnosar
Som sjukepleiar ved Sandetun får du arbeide tett på pasientar og pårørande, i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp.
Arbeidstida er organisert i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi har årsturnus, og medarbeidarar som ønskjer det kan ha 12,5 timars vakter på kvardagar.
Det er i tillegg ledig funksjon som fagkoordinator, som kan vere aktuelt for den rette søkjaren dersom ønskjeleg. Funksjonen inneber fagleg ansvar og bidrag til utvikling av pleie- og omsorgstenesta i samarbeid med leiing og kollegaer.
Vi har i tillegg ledig vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar, som kan vere aktuelt dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar.
Arbeidsoppgåver
- følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
- ha fagleg hovudansvar for legemiddelhandtering
- utføre og følgje opp sjukepleiefaglege prosedyrar og oppgåver
- sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhold for å sikre tenesta
- kartlegging, vurdering og oppfølging av pasientar
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode digitale ferdigheiter, erfaring med elektronisk pasientjournal er ein fordel
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- tilfredsstillande politiattest må leverast før tiltreding
- personleg dugleik vert prioritert
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- er ansvarsmedviten, påliteleg og arbeider strukturert
- er fleksibel og handterer ein variert kvardag med ro og profesjonalitet
- kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar
- bidreg med positiv haldning og godt samarbeid
- har vilje til fagleg utvikling og fokus på heilskaplege pasientforløp
Vi tilbyr
- lønn etter tariffavtale
- gode forikringar og pensjonsordningar gjennom KLP
- stipendordningar ved videreutdanningar som er i fråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- IA-bedrift med fokus på trivsel, nærver og helse
Sande kommune er i kommunegruppe 6, noko som vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg får sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Camilla Higraff, Einingsleiar for instutisjonstenestene (vikar) , 47998618
Arbeidsstad
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5114022563
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Camilla Higraff
Einingsleiar for instutisjonstenestene (vikar)
47998618
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c8758b55-70c9-4c51-a9e0-8cd41d12ea4b
- Sist endret
23. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e787c63382464b968ac7791fc8a4b954