Hopp til innhold

Vernepleiar/ sjukepleiar

Arbeidsgiver

Seksjon lunde, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga

Sted

Kvithaugsmyra 4, 6092 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/ sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Fast 100 % stilling – for deg som vil være med og skape trygge rammer og meistring i kvardagen.

I bu- og habiliteringsavdelinga har vi ledig stilling, og vi ser primært etter deg som er sjukepleiar eller vernepleiar. Har du treårig helse- og sosialfagleg utdanning, oppmodar vi deg også til å søkje.– søknadane blir vurderte fortløpande ut frå kompetanse og erfaring.
Stillinga høyrer for tida til seksjon lunde, ein av tre seksjonar i avdelinga, dei to andre heiter seksjon gneis og seksjon båre.

Arbeidet er hovudsakleg knytt til personar med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar. Vi nyttar vanlegvis 1:1-bemanning, noko som gir deg høve til å bli godt kjend med den enkelte og jobbe målretta, fagleg, trygt og relasjonsbasert.

Turnus, tid – og litt fleksibilitet
Arbeidet er organisert i todelt turnus, med 35,5 timars arbeidsveke og arbeid fire helgar over tolv veker. Turnusen inneheld både ordinære og mulighet for lange vakter, noko som kan gi fleksible friperiodar.

Stillinga på seksjon lunde er ei fagleg viktig rolle og du vil du spele ei sentral rolle i å etablere og vidareutvikle rutinar og prosedyrar, i tett samarbeid med andre miljøterapeutar. Samla jobbar vi for å skape struktur, tydelege rammer, tillit og tryggleik – gjennom målretta og fagleg forankra miljøarbeid.
Hos oss møter du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta med individuell pleie og omsorg av høg kvalitet – og som set refleksjon høgt. Vi vektlegg at godt fagleg arbeid også handlar om samarbeid, tryggleik og rom for utvikling.


Arbeidsoppgåver

  • bistand og rettleiing knytt til helsehjelp, daglege gjeremål og fritid, etter brukarane sine behov
  • verdibaserte oppgåver, sjølvbestemming, utvikling og meistring
  • praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • fagleg hovedansvar for legemiddelhandtering
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
  • bistand i ADL-trening (trening på aktivitetar i dagleglivet)
  • ansvar for å utarbeide og følge opp miljøterapeutiske tiltak
  • rettleie og samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartar
  • rettleie og samarbeide med medarbeidarar
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • bachelor i vernepleie eller sjukepleie
  • anna treårig helse- og sosialfagleg utdanning kan bli vurdert
  • relevant erfaring frå arbeid med barn og unge som har utfordringar
  • gode datakunnskapar
  • kjennskap og erfaring kring Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, gjeldande tvang og makt
  • førarkort klasse
  • gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk
  • Vi har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, kreativ og har genuin interesse for brukargruppa.
  • Du er trygg på deg sjølv og er god på relasjonsbygging.
  • Du kan jobbe sjølvstendig, samarbeider godt med kollegaer og trivst godt med å jobbe i team.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert, med høg gjennomføringsevne.
  • Du kan jobbe målretta, er lojal mot opplegg rundt brukar og kan omsette teori til praksis i det daglege.
  • Du handterer stress og utfordrande situasjonar.
  • Du likar ein aktiv arbeidskvardag med moglegheit for bevegelse både inne og ute.

Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.

Vi tilbyr

  • utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver saman med gode kollegaer
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • moglegheit for komprimert turnus
  • fagleg utvikling, fagdag i turnus
  • tverrfaglige yrkesgrupper med vernepleiar, sosionom og fagarbeidarar
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
  • stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse- og omsorg

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av  gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Kontaktinformasjon

Hildegunn Svastuen, Seksjonsleiar, +47 90684321

Arbeidsstad

Kvithaugsmyra 4
6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5118341582
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Hildegunn Svastuen

Seksjonsleiar

+47 90684321

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f2eb309d-4285-441c-9b90-d6954b0f32d0

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9b3a2394e6eb47cea96e68062479f55d

Lignende annonser

Laster lignende annonser