Hopp til innhold

Sjukepleiar i heimetenestene

Arbeidsgiver

Volda kommune, Heimeteneste

Sted

Sevrinhaugen 4, 6102 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 1. juli

Faste stillingar og vikariat for sjukepleiar – Ambulerande heimetenester, Volda 

Vi søkjer engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar til følgjande stillingar i ambulerande heimetenester, med base i Volda sentrum:

100 % fast stilling med turnus per tida dag/natt
90 % fast stilling med turnus per tida dag/natt
100 % vikariat med turnus per tida d/k

Om stillingane:
Med oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar sjølvstendig og i tett samarbeid med andre faggrupper. Du blir ein del av eit kompetent team som har fokus på kvalitet, fagleg utvikling og gode tenester for heimebuande.

Vi tilbyr:
✔ Faste stillingar og vikariat i eit utviklande fagmiljø
✔ Varierte arbeidsdagar med spanande utfordringar
✔ God opplæring, rettleiing og fagleg støtte
✔ Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
👉 Oppgi i søknaden kva stilling du primært søkjer på.
Søk no og bli ein del av vårt dyktige team! 


Arbeidsoppgåver

Ambulerande heimetenester yter tenester til personar i private heimar. Dette inneberer mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper og oppfølging av multisjuke pasientar. Som fagperson er det forventa at du kan gjennomføre grundige observasjonar og god dokumentasjon. Ei viktig oppgåve er kartlegging, utarbeiding og evaluering av tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Som sjukepleiar har du ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg, er ein føresetnad 
  • Kunnskap om IKT - verktøy og elektronisk samhandling
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevne
  • Gode fagkunnskapar, inkludert god observasjonskompetanse, blir vektlagt
  • Det er krav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månadar, før oppstart i arbeid
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for pasientane, og for eldreomsorg spesielt
  • Trivast med å arbeide sjølvstendig
  • Tek initiativ og ansvar
  • Har godt humør
  • Høg arbeidsmoral
  • Samarbeidar godt med andre, og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert avgjerande for tilsettinga.

Vi tilbyr

  • Faste stillingar og vikariat i eit utviklande fagmiljø
  • Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag
  • Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling
  • Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
  • Tilgang til e-læringkurs frå Visma Glup
  • Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
  • Stillingskode 717400 sjukepleiar.
  • Det vert sett på moglegheiter for å jobbe langvakter
  • Det er per i dag 2 delt turnus dag/natt og dag/kveld (vikariat)

Kontaktinformasjon

Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73, ingeborg.mork.haaskjold@volda.kommune.no
Vegar Batts, Seksjonsleiar, 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 4
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5122023768
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Elsebeth Melle

Avdelingsleiar

+47 91130521

Vegar Batts

Seksjonsleiar

90 08 99 47

vegar.batts@volda.kommune.no

Ingeborg Mork Håskjold

Seksjonsleiar

90 06 94 73

ingeborg.mork.haaskjold@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e915cdef-c3c9-4704-8f09-46d6e1cfda76

Sist endret

17. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

59f85f87429f47e993db0e37bf34aa83

Lignende annonser

Laster lignende annonser