Hopp til innhold

Ergoterapeut

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Heimetenester

Sted

Sjukeheimsvegen 5, 6092 Fosnavåg

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Ergoterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. juli

Er du ein engasjert ergoterapeut som brenn for å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Vi har ledig vikariat i 100% stilling frå 01.09.26 til 20.09.27. Stillinga er på dagtid.

Vi søkjer ein engasjert ergoterapeut som ønsker å gjer ein forskjell i kvardagen til menneske i Herøy. I denne rolla vil du vere ein sentral fagperson i heimetenesta, med ansvar for tenesta praktisk bistand, og for å kartlegge og vurdere brukarane sitt funksjonsnivå. Arbeidet ditt vil omfatte vurdering av behov for reinhald, middagslevering og hjelp til handling, samtidig som du koordinerer arbeidslister knytt til desse tenestene.

Du vil også ha ansvar for korttidslageret for hjelpemiddel i kommuna.

Vi er i ein prosess med digitalisering av hjelpemiddellageret, og du vil få ei nøkkelrolle i å implementere denne løysninga og bidra til at vi tek den i bruk på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

  • kartlegge behov for praktisk bistand i heimen
  • kartlegge bustad
  • tilrettelegge bustad
  • ansvar for arbeidslister og organisering av tenesta praktisk bistand
  • ansvarleg for hjelpemiddel i heimetenesta
  • råd og rettleiing med tanke på å bu lengst mogleg i eigen heim

Kvalifikasjonar

  • ergoterapeut med norsk autorisasjon, anna treårig helsefagleg utdanning på høgskulenivå kan bli vurdert
  • erfaring frå arbeid med karlegging av hjelpebehov
  • erfaring fra kommunal sektor
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • erfaring frå sakshandaming er ein fordel

Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og godkjend politattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • sterk fagleg integritet
  • gode samarbeidsevner
  • fleksibel og løysningsorientert
  • strukturert, sjølvstendig og tør å ta ansvar
  • kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
  • god til å bygge tillit mellom pasient og helsepersonell

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
  • stipendordning ved vidareutdanning, i tråd med kompetanseplanen til kommuna

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkjerlista kan verte offentlegjort.

Kontaktinformasjon

Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5
6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5146106236
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 08.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Maria Kristin Kvalsvik

Seksjonsleiar

+47 99210059

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5894b180-0fbf-4a7f-813e-61fc01aec268

Sist endret

24. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5b901285fa2a4466b4fab08c683c6736

Lignende annonser

Laster lignende annonser