Fastlegevikariat Herøy kommune, med arbeidsstad Eggesbønes
Herøy kommune, Avdeling for legetenester
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlegevikariat Herøy kommune, med arbeidsstad Eggesbønes
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. juli
Legetenesta i Herøy har dei siste åra hatt stabil fastlegedekning, og starta 2026 med faste legar i alle våre 11 fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar forøvrig erfarne allmennlegar. Vi har LIS1-lege, og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim.
Trivsel og fagleg utvikling blir fremja gjennom legemøter kvar veke og internundervisning kvar månad. Alle ALIS-legane får rettleiing kvar veke med spesialist i allmennmedisin. Som vikar får du ansvar for ei fastlegeliste med listetak på inntil 800 personar. Kommuna eig og driv legesenteret, og som næringsdrivande får du ein svært gunstig legeavtale- vesentleg betre enn 8.2 avtale. Vi søkjer primært etter ein lege som vil arbeide på næringsdrift, men andre driftsformer kan diskuterast.Det er pr dato ikkje knytt kommunale oppgåver til heimelen.
Kommuna har 3 legesentre: Herøy legesenter, Myrvåg legesenter og ein solopraksis ved Fosnavåg helsehus. Vi har eigen sjukeheimslege.
Vi deltek i interkommunal legevakt ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Denne er bemanna med erfarne sjukepleiarar og ambulansearbeidarar. Det er omlag 35 legar som deler på vaktene. På dagtid helg og kveld, er det alltid to legar på vakt. På natt er det ordning med bakvakt for dei som ikkje har sjølvstendig kompetanse som bakvakt. Legevakta har legebil bemanna med ambulansearbeidar som er med på alle oppdrag. Dette sikrar at vi unngår at legar jobbar åleine.
Les plan for legetenesta vår.
Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt. Det ligg 47 kilometer frå Herøy legesenter og 9 kilometer frå legevakta i Hovdebygda.
Arbeidsoppgåver
- Vanlege fastlegeoppgåver (med tenestane som følger av Forskrift om fastlegeordning i kommunane).
- Deltakar i interkommunal legevakt etter gjeldande avtalar.
- Kommunale oppgåver kan verte aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Du må oppfylle vilkåra i Forskrift om kompetansekrav for legar.
- Det er ein fordel at du har erfaring som fastlege, men det er ikkje eit krav.
- Du må ønske å bidra i eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen.
- Du må legge fram godkjent politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn tre månader) før oppstart.
- Du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.
- Har god evne til å bruke norsk både skriftleg og munnleg framstilling.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- Trivst i rolla som fastlege, og likar pasient oppfølging.
- Du møter innbyggjarane som einskildindivid, slik du sjølv ynskjer å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp.
- Du har gode samarbeidsevne og likar å jobbe saman med andre, men kan også jobbe sjølvstendig.
- Du vil vere med å utvikle legetenesta i kommunen, og stiller gjerne opp og er til støtte for kollegaer.
- Du ser verdien i å samarbeide med andre tenester, for å finne gode løysingar til det beste for pasientane.
- Har jamt godt humør, er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Eit vikariat på opptil 2 år, stillinga kan gi moglegheit for fast tilsetting, der næringsdrift er føretrekt driftsform, men andre driftsformer kan diskuterast.
- Hjelpepersonell med lang erfaring.
- Framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvart 14. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt, helge- og nattevakter.
- ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning.
- Forbetra 8:2-avtalar for næringsdrivande (jamfør SFS 2305) der kommunen dekker ein del av kostnadane.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen (kommunalt tilsett) kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Kontaktinformasjon
Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege, +47 41200794Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5128773332
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Jan Magne Remøy
Kommuneoverlege
+47 41200794
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3e72568d-fc6d-4c84-be79-2e2156759692
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bd2a9fcb39b64190839d03e5267475e2