Hopp til innhold

Vikariat helsefagarbeidar 

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Herøy omsorgssenter langtidsavdeling

Sted

Sjukeheimsvegen 5A, 6092 Fosnavåg

Om jobben

Oppstart
30. november 2026
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest onsdag 16. september

Ynskjer du å bidra til tryggleik, livskvalitet og gode dagar for bebuarane ved Herøy omsorgssenter?

Vi har to ledige vikariat ved langtidsavdelinga på Herøy omsorgssenter og søkjer etter engasjerte og fagleg dyktige helsefagarbeidarar som vil vere med og styrkje tenestene våre.

Stilling 1: 80 % vikariat

  • 3-delt turnus
  • langvakter på 12,5 timar
  • arbeid kvar 4. helg
Stilling 2: 93 % vikariat
  • 2-delt turnus
  • arbeid 4 av 12 helger

Begge stillingane er ledige frå 30. november 2026 til januar 2028.

Herøy omsorgssenter  er lokalisert på Eggesbønes og består for tida av tre seksjonar:

  • seksjon raud: somatisk sjukeheimseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassar
  • seksjon grøn: somatisk sjukeheimsseksjon med i hovudsak 15  langtidsplassar
  • sekson blå:  seksjon for personar med demens

Frå 30. november 2026 vert seksjon raud og seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter slått saman til éin felles seksjon.
Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar og skal sikre ei heilskapleg, fagleg sterk og berekraftig drift av tenestene til bebuarane våre.
Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.

Den nye seksjonen vil ha ansvar for:

  • 30 langtidsplassar
  • heilskapleg pleie- og omsorgstilbod til bebuarane
  • tverrfagleg samarbeid og fagutvikling
  • god ressursutnytting og effektiv drift
  • eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane

Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter.


Arbeidsoppgåver

  • individtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver til bebuar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering og miljøarbeid)
  • utarbeide og følgje opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. 
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4). 
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • har fokus på heilskaplege pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
  • fagdag i turnus
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5A
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5170725102
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 30.11.2026
Sluttdato: 16.01.2028
Søknadsfrist: 16.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Cecilie Tarberg

Seksjonsleiar

+47 97020582

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

34c131d5-e1a3-400f-9849-e71fcbbfdb0b

Sist endret

26. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6dc7b1d01e464a6399743d340cfa4cad

Lignende annonser

Laster lignende annonser