Helsefagarbeidar
Hareid kommune, skjerma eining og bu- og korttidseininga
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. september
Vi har dyktige tilsette som har blitt eller skal bli pensjonistar og har difor ledig faste stillingar som helsefagarbeidar på bu- og korttidseininga og skjerma eining. Vi har også ledig fast stilling som helsefagarbeidar på natt i bu- og korttidseininga, og sjukevikariat som helsefagarbeidar på natt i skjerma eining. Stillingane varierer i storleik, og har alle for tida arbeid kvar tredje helg. Vi tilpassar stillingsstorleik til behov og ønske. Oppgje kva du ønsker i søknaden.
Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er fleksible og positive til endringar.
Skjerma eining er i hovudsak langtidseining for personar med langtkomen demenssjukdom, men har også korttidsopphald. Vi jobbar tett på pasientane for å skape tryggheit og stabilitet gjennom døgnet
Arbeidsoppgåver
- sikre at tenester utøvast på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- pleie - og omsorgsoppgåver til pasientar i sjukeheim
- ta medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruke velferdsteknologi i dagleg arbeid
- delta i kvalitetsutvikling av einingane
Kvalifikasjonar
Du
- har autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- kan medikamenthandtering
- meistrar bruk av elektronisk pasientjournal og velferdsteknologi
- må kunne arbeide turnus
- beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte. Du må vere fagleg oppdatert, viser respekt og vere raus i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, klarer å prioritere og har gjennomføringsevne.
For oss er personsentrert omsorg og fagleg utvikling ein naturleg del av kvardagen, og vi forventar at du deler dette engasjementet
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar - stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen. Intervju vert gjennomført og referansar frå siste arbeidsstadar vert sjekka
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsfellesskap
- spennande faglege utfordringar
- kurs gjennom Visma og NHI
- forsikring- og pensjonsordning gjennom KLP
- funksjonstillegg på kr 5000 per år (full stilling) på fast tilsette på natt
Kontaktinformasjon
Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, 94198242Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45
Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5140989094
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Synnøve Nystøyl
Einingsleiar
+47 91 14 89 45
Karoline Røvreit Flø
Einingsleiar
94198242
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ff4c910d-22f4-4837-ae48-75067a194caf
- Sist endret
4. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba653d80a6a04f1fafde30c5620bc86c