Helsefagarbeidar
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A
Åsvegen 13, 6080 Gurskøy
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. oktober
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?
Myrvåg omsorgssenter seksjon A, søkjer etter ein helsefagarbeidar til 80% fast stilling for tida organisert med arbeid kvar tredje helg i tredelt turnus. Hovudtyngda av arbeidsvakter er organisert med dag, aften og langvakter på 12,5 timar. Arbeidsstad vert ved Myrvåg omsorgssenter seksjon A fram til 30.08.2027. Vidare kan arbeidsstad for stillinga verte ved seksjon A eller ein annan seksjon i avdeling pleie og omsorg. Stillinga er ledig frå 01.12.2026
Ved Myrvåg omsorgssenter seksjon A, møter du eit inkluderande arbeidsmiljø som tek vare på kvarandre. I det daglege arbeidet møter du faglege utfordringar, kollega med høg fagkompetanse og tverrfagleg samarbeid.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver
- pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobiliering, og miljøarbeid)
- utarbeide og følge opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
- samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel
- god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- har fokus på heilskaplege pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
- elektroniske kurs gjennom Visma Veilederen og Glup
- fagdag i turnus
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478Arbeidsstad
Åsvegen 136080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5182851380
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Anna Emilie Blomstervik
Seksjonsleiar
+47 98075478
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
54f86ed8-dfc7-4841-8812-79c8d3deaf5f
- Sist endret
24. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
acb1925fb7f94eb98681df1c95cb8e13