Fagkoordinator/sjukepleiar
Herøy kommune, Heimetenester
Sjukeheimsvegen 5, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagkoordinator/ sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 9. september
Vi søkjer deg som er fagleg engasjert, løysingsorientert og ønskjer å vere med på å utvikle framtidas heimeteneste i Herøy. Stillinga er ledig frå 01.11.26
Som fagkoordinator vil du ha ei sentral rolle i å kartleggje og vurdere pasientane sine behov, sikre god koordinering av tenestene og bidra til at vi gir rett hjelp til rett tid.
Du vil vere ein viktig pådrivar i det faglege arbeidet, og vere med på å vidareutvikle organiseringa av heimetenesta gjennom våre helse- og meistringsteam. Vi ønskjer ein medarbeidar som ser moglegheiter, tek ansvar og bidreg til kontinuerleg forbetring og tenester av høg kvalitet til pasientane våre.
Hos oss får du faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og moglegheita til å vere med og påverke utviklinga av tenestene. Stillinga er i hovudsakleg organisert på dagtid med arbeid 2 av 6 helgar.
Arbeidsoppgåver
- heilskapleg sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar i eigen heim
- sakshandsaming
- kartlegging, observasjon, vurdering og dokumentasjon av helsetilstand
- overordna ansvar for pasientflyt
- legemiddelhandtering i tråd med gjeldande lover og forskrifter
- sjukepleiefaglege prosedyrar som sårbehandling, injeksjonar, ernæringsoppfølging og oppfølging av medisinteknisk utstyr
- utarbeide og følge opp tiltaksplan
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- tverrfagleg samarbeid med fastlege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre samarbeidspartnarar.
- rettleie og samarbeide med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
- overordna ansvar for koordinering av det sjukepleiefaglege arbeidet
- hjelpe til med kortidsinnleige ved fråvær
- stedfortredar til seksjonsleiar ved fråvær
Kvalifikasjonar
- har norsk autorisasjon som sjukepleiar
- erfaring frå sakshandsaming/utdanning innan sakshandsaming/helserett kan vere ein fordel
- erfaring frå arbeid i heimetenesta kan vere ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy (erfaring med Gerica er ein fordel)
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar og er opptatt av å utvikle gode tenester
- er strukturert, sjølvstendig og evnar å prioritere arbeidsoppgåver
- kommuniserer klart og tydeleg både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, også i krevjande situasjonar
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen ved blant anna å motivere, rettleie og engasjere kollegaer
- gode samarbeids- og relasjonseigenskapar
- kan bidra til godt samarbeid på tvers av seksjonane
- du har engasjement for utvikling og evnar å omsetje nye idear til praktiske forbetringar i kvardagen
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP
- fagdag i turnus
- stipendordningar ved vidareutdanning som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- digitale kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
- IA- bedrift
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Kontaktinformasjon
Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 56092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5163516186
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Maria Kristin Kvalsvik
Seksjonsleiar
+47 99210059
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6aa89225-2236-4017-8d1a-2049431142e1
- Sist endret
20. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
baa4a1ac08684e9ebdc2687e7387b389