Hopp til innhold

Vikariat sjukeheimslege

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Avdeling for legetenester

Sted

Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat sjukeheimslege
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. juli

Vi søker etter vikar for vår sjukeheimslege i 100 prosents stilling. Vikariatet er for perioden 01.09.26 -31.08.27.

Herøy kommune har to sjukeheimar:
- ein på Eggesbønes med tre avdelingar
- ein i Myrvåg med to avdelingar, der den eine er korttids- og rehabiliteringsavdeling med kommunale akutt døgnplassar

Til saman har dei to sjukeheimane 83 plassar. Det er knappe 20 minutt å køyre mellom dei to sjukeheimane.

Som sjukeheimslege har du ordinær arbeidstid med 37,5 timar i veka, men delar av stillinga er fleksibel, slik at det også er rom utanom ordinær arbeidstid til å kunne gi råd til avdelingane.

Sjukeheimslegestillinga høyrer til avdeling for legeteneste. Herøy kommune har tre legesenter, to kommunale og eit privat med tilsaman 11 fastlegar. Alle almennlegestillingane er besette. Kommuneoverlegen som også er leiar for legetenesta, vil verte næraste leiar. 

Kommunen er tilknytt Søre Sunnmøre legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid om legevakt utanom ordinær arbeidstid. Vårt lokalsjukehus er Volda sjukehus som ligg om lag tre kvarter unna Eggesbønes.

Legar med relevant spesialitet vil bli prioriterte for stillinga, men legar i spesialisering er óg velkomne til å søke på stillinga.
Som allmennlege i spesialisering vil det bli organisert rettleiing og bakvaktordning slik at ein kan få inntil to år teljande teneste til spesialiteten i allmennmedisin.

Planen for legetenesta vår kan du lese meir om her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf  

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheimane inkludert kontakt med pårørande og rettleiing av personalet
  • Deltaking i undervisning for personalet
  • Deltaking i overordna systemarbeid og fagutvikling for det medisinske arbeidet i kommunen sine sjukeheimar
  • Deltaking i samhandling med fastlegane og spesialisthelsetenesta

    Som sjukeheimslege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med leiar for legevakta. Ved tilfelle med deltidsstilling som sjukeheimslege, kan denne kombinerast med fastlegeavtale/-stilling.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon og oppfylle krava i forskrift om kompetansekrav for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta
  • Det er ein fordel at du har ei relevant spesialistutdanning eller er under slik utdanning
  • Dersom du ikkje har relevant spesialitet, vil vi legge til rette for at du kan fullføre slik utdanning

    Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

    Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Du skal like å arbeide med dei medisinske utfordringane som vi har i geriatrien
  • Du skal kunne gi deg tid med den einskilde, og du skal kunne samhandle med pasienten sine nærståande
  • Du skal like å arbeide i team med fleire faggrupper
  • Du kommuniserer godt med samarbeidspartnarar, som til dømes spesialisthelstenesta
  • Du er fleksibel og oppteken av utviklingsarbeid

    Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkarane utifrå kompetanse, intervju og referansar. Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig fastløn etter kvalifikasjonar
  • Dekking av relevante kurs innanfor vedtekne rammer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Fleksibel arbeidstid
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Godt organsiert samarbeid mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre på fleire område, mellom anna faggruppe for sjukeheimslegane

    Vi vil legge til rette for fagleg utvikling, relevant spesialisering og deltaking i samlingar for sjukeheimslegar.

    Vi tilset på dei vilkåra som går fram av  gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

    Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. 

Kontaktinformasjon

Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege, +47 41200794

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11
6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5142929109
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Jan Magne Remøy

Kommuneoverlege

+47 41200794

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

295d9162-a9dd-498e-8946-d1d508fae963

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a49a7ab3a7604400bb04c7becc0eac1b

Lignende annonser

Laster lignende annonser