Hopp til innhold

Einingsleiar barnevern

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Einingsleiar barnevern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Vil du vere med og utvikle barnevernet i Tysnes vidare? 

Me søker ein tydeleg og fagleg sterk einingsleiar i fast stilling, som ønsker å vidareutvikle ei barnevernteneste med høgt fokus på fag og kvalitet.

Barneverntenesta er organisert som ei eining under etat for oppvekst, med kommunalsjef oppvekst og kultur som næraste overordna. Tenesta har totalt fem årsverk, fordelt på fire fagstillingar inkludert einingsleiar, samt ei stilling som tiltaksarbeidar. Me arbeider målretta for å styrke «laget rundt barnet» og sikre gode tenester for barn og familiar.

Tysnes kommunen deltek i det barnevernfaglege samarbeidet «Små saman» saman med Samnanger, Austevoll og Ulvik. Dette gir gode rammer for kompetansedeling, fagleg støtte og erfaringsutveksling på tvers av kommunane, og bidreg til å styrke kvaliteten i det barnevernfaglege arbeidet. Gjennom samarbeidet vil du som einingsleiar òg få støtte frå dei andre barnevernleiarane.

Som einingsleiar hos oss får du ei viktig rolle i å vidareutvikle barneverntenesta og bidra til at barn og familiar får gode tenester. Du blir ein del av eit fagleg engasjert miljø og får høve til å påverke retning, kvalitet og utvikling i tenesta.


Arbeidsoppgåver

  • Drifts-, økonomi- og personalansvar for eininga, inkludert økonomistyring og budsjettarbeid
  • Kombinere langsiktig utviklingsarbeid med operativ oppfølging og dagleg forvaltning
  • Sikre fagutvikling og kvalitet gjennom gode metodar, rutinar, prosessar og dokumentasjonspraksis
  • Sikre god personaloppfølging og arbeidsmiljø, være synleg og tilgjengeleg for fagleg rettleiing, og ivareta godt partssamarbeid
  • Legge til rette for kompetanseheving, myndiggjering og faglege drøftingsarenaer for medarbeidarane
  • Sikre godt samarbeid internt og eksternt, og utføre sakshandsaming, rapportering, dokumentasjon og internkontroll
  • Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga ut frå søkar sin kompetanse og arbeidsgjevar sine behov

Kvalifikasjonar

  • Krav om universitets- eller høgskuleutdanning, jf. barnevernslova § 15‑6
  • Leiarerfaring og erfaring frå kommunal barnevernteneste
  • Solid forvaltningskompetanse, inkludert erfaring frå vedtaksarbeid, dokumentasjon og klagehandsaming
  • God kjennskap til relevant lovverk, særleg barnevernslova
  • God økonomi- og budsjettforståing
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Målforma i Tysnes kommune er nynorsk
  • Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil

Ved ei eventuell tilsetjing må du legga fram: politiattest jf. barnevernsloven § 12- og. eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.


Personlege eigenskapar

Me søker deg som:

  • er trygg i leiarrolla og har eit samlande og tydeleg leiarskap
  • er ein engasjert og trygg fagperson
  • har god gjennomføringskraft, arbeider strukturert og har god arbeidskapasitet
  • er tydeleg, motiverande og ivaretakande
  • har god relasjonskompetanse og sterke samarbeidsevner, samt gode kommunikasjonsevner
  • legg til rette for godt tverrfagleg samarbeid
  • ser heilskap og driv prosessar framover

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. 


Kvifor skal du jobba hos oss?

Har du lyst å jobbe i, og leie ei teneste med eit viktig samfunnsoppdrag? Då trur me at du vil trivast hos oss! Som einingsleiar barnevern får du ei sentral rolle i å styrke samarbeidet på tvers av tenester og bidra til heilskaplege løysingar for barn og familiar. Du får påverke prioriteringar, retning og utvikling på eit område som verkeleg betyr noko.

Du blir del av leiargruppa til kommunalsjef oppvekst og kultur, og dessutan ein del av den utvida leiargruppa til kommunedirektøren.

Du blir tilsett som einingsleiar med personal-, budsjett- og økonomiansvar, og er lønnsplassert lønnskapittel 3.4.2. Lønna blir årleg regulert gjennom lokale lønsforhandlingar. Stillinga er unormert, og det vert gitt fem avtalefesta dagar per kalenderår. 

Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. 

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. 

Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. 


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

Hildegunn Sørfonn

Kommunalsjef oppvekst og kultur

+4799214806

hildegunn.sorfonn@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d99ce4cb-a3e5-4850-90c5-178739a1facd

Sist endret

22. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292441

Lignende annonser

Laster lignende annonser