Pedagogisk leiar/ Barnehagelærar
Tysnes kommune
Fjellveien 29, 5694 Onarheim, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar/ Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Me treng ein dyktig pedagog til teamet vårt!
Er du ein barnehagelærar som er engasjert og tilstedeverande? Ønskjer du å bli ein del av eit fagmiljø i utvikling og full av moglegheiter? Då er du kanskje akkurat den me ser etter!
Tysnes kommune har ledig frå 01.08.2026 behov for barnehagelærar i ein 100 % fast stilling og inntil 60 % vikariat frå 01.08.26–31.07.27. I tillegg har med ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar. Me ber deg spesifisere kva stilling som er aktuell for deg.
Barnehagane i Tysnes kommune er kommunale og ligg spreidt i ulike bygder i kommunen, Våge, Lunde, Uggdal og Onarheim. Barnehagane fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø der leik, omsorg og læring står sentralt. Me legg vekt på å gje barna gode opplevingar i eit trygt fellesskap.
Barnehagane er organisert under oppvekstområde i kommunen, og kvar barnehage har sitt eige preg og nærmiljø. samstundes som dei samarbeider om kvalitet og utvikling av barnehagetilbodet.
Aktuelle kandidatar vil bli konktakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i tråd med barnehagelova, rammeplanen, årsplanen og barnehagen sine satsingsområde.
- Vere ein tydeleg og varm rollemodell overfor barn og vaksne.
- Bidra til godt og nært samarbeid med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Leggja til rette for eit godt leike- og læringsmiljø.
- Delta i endring- og utviklingsarbeid og halde deg fagleg oppdatert.
Som pedagogisk leiar må du i tillegg:
- Leia og utvikla det pedagogiske arbeidet med barna.
- Kunne rettleia og inspirera personalet.
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning
- Ønskeleg med erfaring som pedagogisk leiar dersom du søker på denne stillinga.
- Gode norskferdigheiter, både munnlege og skriftlege.
- Gode digitale ferdigheiter.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest jf. opplæringslova § 17-11
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- er ein tydeleg vaksenperson som er målretta, løysingsfokusert og handlingsdyktig.
- har evne til å planlegge og jobbe systematisk.
- har eit medvite forhold til leiken og prioriterer barn sin leik i kvardagen.
- har gode samarbeidsevner og evnar å jobbe i team.
- er oppteken av å vere i utvikling og viser det gjennom praksis og refleksjon.
- er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Alle dei tre skulane våre ligg tett på flotte naturområde, som me aktivt nyttar i undervisninga.Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
75a2f524-8ddc-4b01-b0b6-3e251a4c73f3
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10297247