Pedagogisk medarbeidar
Tysnes kommune
Amundsstølen 1, 5680 Tysnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk medarbeidar (felles)
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Kanskje du er den rette til å gjere ein forskjell for elevane våre?
Ønsker du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får vere ein viktig støttespelar i elevar sin faglege og sosiale utvikling? I Tysnes kommune søkjer etter engasjerte og dedikerte pedagogiske medarbeidarar til Tysnes og Onarheim skule.
-
Onarheim skule
På Onarheim skule har me ledig ei 89 % fast stilling og eit årsvikariat i 95 % frå 01.08.26-31.07.27. Stillingane er knytt til SFO-tilbodet på skulen, samstundes som dei føl elevane gjennom skuledagen. I den minste stillinga har du fri i skulen sine undervisningsfrie periodar. I årsvikariatet må ein pårekne arbeid i haust-, vinter- og sommarSFO.
Onarheim skule er ein 1.-7.skule med omlag 30 elevar. Skulen er ein fådelt skule, med tre klassar: 1.-2., 3.-4. og 5.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på Onarheim, har stort uteområde og fine turområder i nærleiken. Me jobbar for å ha eit godt inkluderande arbeids- og læringsmiljø, og eit meistringsklima der me blir motiverte av å lære, utvikle oss og gjere kvarandre gode.
Tysnes skule
Tysnes skule er ein barne- og ungdomsskule med omlag 200 elevar og 35 tilsette. Me har eit godt inkluderande arbeidsmiljø, og eit meistringsklima der medarbeidarane blir motiverte av å lære, utvikle seg og gjere kvarandre gode.
På Tysnes skule har me ledig ei fast 68 % stilling. Stillinga føl eleven gjennom skulekvardagen, og det er arbeidsfri i skulen sine undervisningsfrie periodar.
-
Skulane i Tysnes kommune skal vere ein trygg og god stad for elevar og tilsette. Me jobbar for at det skal vere ein god, variert og tilpassa skulekvardag som rustar barn og unge for framtida. SFO-tilbodet skal vera prega av leik og trivnad.
Me søker etter deg som trivst med å jobbe i skulen og som brenn for å jobbe med barn og unge med særskilde behov. Som pedagogisk medarbeidar får du ansvar for oppfølging av enkeltelevar eller mindre elevgrupper. Du gjer ein viktig jobb, og får høve til å gjere ein stor forskjell i elevar sin skulekvardag.
Ta gjerne kontakt med kontaktperson om du har spørsmål til stillinga eller ønsker meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe enkeltelevar og elevgrupper i deira skulerkvardag, både fagleg og sosialt i undervisningssituasjonar og friminutt.
- Samarbeide om og gjennomføre aktivitetar i tråd med eleven sin individuelle plan, og skulen sine satsingsområde.
- Uteinspeksjon, leik og observasjon.
- Vere ein tydeleg vaksen og rollemodell for elevane.
- Samarbeide med lærarar, samt ha kontakt med føresette og eventuelt andre samarbeidsinstansar.
- Kunne steppe inn som vikar, ved fråvær i klassar ein er tilknytt.
- Samarbeide med lærar om tiltak for inkludering og sosial øving for enkeltelevar og for elevane på heile trinnet.
For stilling på Onarheim skule:
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Søkjarar utan fagbrev og med lang erfaring kan bli vurderte for stillinga.
- Erfaring med og interesse for arbeid med barn med særskilde behov.
- Erfaring som skuleassistent er ønskeleg.
- Meistrar norsk svært godt, både munnleg og skriftleg.
- Arbeidet kan vere fysisk krevjande, og vi treng ein robust medarbeidar som kan stå i dette.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest jf. opplæringslova § 17-11.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- har evne og vilje til å skape gode relasjonar med elevane.
- møter elevane med tolmod og sensitivitet.
- er oppteken av potensialet og moglegheitene til elevane.
- er ein trygg og tydeleg vaksen.
- er god til å kommuniserer og samarbeide.
- toler å stå i krevjande situasjonar og opptrer roleg.
- er løysingsorientert, fleksibel og initiativrik.
- har eit godt og stabilt humør.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Skulen ligg tett på flotte naturområde, som me aktivt nyttar i undervisninga.
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunens pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktpersoner for stillingen
Anne Solberg Andersson
Skulefagleg rådgjevar / fung. rektor Onarheim skule
+4797174931
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d31e0fc4-0c0a-46a7-acdd-a34ba9c2a5e1
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10297252