Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter
Tysnes kommune
Uggdalsdalen 8, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, deltid 12,21 - 18,31%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Er du på jakt etter ei utfordrande og givande helgestilling? Me treng fleire dyktige medarbeidarar på laget vårt.
Tysnes omsorgssenter held til i fine og moderne lokale, i eit nybygg som stod ferdig i 2017. Senteret har 30 institusjonsplassar, i tillegg til plassar for korttidsopphald, rehabilitering og eit dagsenter tilrettelagt for personar med demens. Me har òg ein KAD-plass (kommunal akutt døgnplass), der det blir gitt tilbod om augeblikkeleg helsehjelp – eit alternativ til innlegging på sjukehus.
Me har for tida fleire ledige helgestillingar i ulike prosentar (12,21 % – 18,31 %), og ser etter deg som er positiv, engasjert og har lyst til å bruke helgene dine på å gjere ein forskjell for andre. Stillingane inneber to-delt turnus, med både dag- og kveldsvakter. Du arbeider i snitt kvar tredje helg, men dersom du ønskjer det, kan det vere mogleg å jobbe annakvar helg.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg oppdatert miljø der personsentrert omsorg står i sentrum. Me arbeider målretta med å skapa ein meiningsfull og trygg kvardag for bebuarane våre. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og moderne velferdsteknologi er eit av hjelpemidla som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane våre.
For å søkje må du ha fylt 18 år.
Tilsetjing skjer fortløpande, og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Me ber om at attestar, kursbevis og vitnemål vert lagt ved når du sender inn søknaden.
Kva går stillinga ut på
- Assistere bebuarane i det daglege og støtte dei i eigenomsorg, i tråd med planlagde tiltak
- Følgje opp individuelle målsetjingar og tiltak for kvar enkelt bebuar
- Utføre spesifikke oppgåver i tråd med opplæring og skriftlege prosedyrar
- Journalføre og bidra til utarbeiding og oppdatering av pleieplanar
- Medverke til utvikling og kvalitetsforbetring på arbeidsplassen
Den som blir tilsett vil utføre arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring.
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter medarbeidarar med helsefagleg utdanning:
- Sjukepleiar
- Vernepleiar
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Studentar innan relevante studieforløp (helsefagarbeid, vernepleie, sjukepleie)
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.
Krav til stillinga:
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode grunnlegjande datakunnskapar
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Kva me ser etter hos deg
Me ser etter deg som:
- Er sjølvstendig og strukturert i arbeidskvardagen
- Tek intiativ, er positiv og skapar tillit i møte med andre
- Handterer utfordringar på ein løysingsorientert måte
- Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
- Har gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar?
Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Me tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordra deg sjølv, utvikla kompetansen din og bidra til å gjera ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du vil oppleva eit trygt og støttande arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.
Er du student og vil skaffe deg verdifull arbeidserfaring medan du studerer, samtidig som du får ei ekstra inntekt? Då kan studentavtalen med Tysnes kommune vere perfekt for deg!
Me har ei stipendordning som kan gje deg ekstra støtte i studietida. Du kan lese meir om studentavtalen på heimesida vår.
I tillegg har me ein eigen lønsstige for deg som er student innan eit område som er relevant for stillinga. Innan helse gjeld det f.eks. sjukepleie-, vernepleie-, ergoterapi-, eller medisintudentar. Denne er aktuell for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eit år av studiet.
Me tilbyr gode pensjonsordningar gjennom KLP, og løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktpersoner for stillingen
Linda N. Fagerbakk
Avdelingsleiar 1. høgda avd. Fjorden og dagsenter - Tysnes omsorgssenter
+47 417 07 987
Anne Cecilie S. Lunde
Avdelingsleiar 2. høgda - Tysnes omsorgssenter
+47 417 07 983
Helga Nilsen Boland
Einingsleiar Tysnes omsorgssenter
+47 951 76 846
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
59116fdf-9786-4e44-963e-6fb525a86ca2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10257494