Hopp til innhold

Sjukepleiar heimetenesta - 100 % stilling

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvassnesvegen 27, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast - Knarvik heimeteneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 9. juni

Om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i Knarvik heimeteneste. Avdelinga har årsturnus, og du arbeider i gjennomsnitt kvar tredje helg i todelt turnus dag/kveld. Det kan vere moglegheit for langvakter etter avtale og ut frå behov i tenesta.

Som medarbeidar hjå oss er du ein verdifull del av tenesta, og vi ønskjer at du skal vere med og utvikle gode tenester til beste for brukarane våre.


Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim, og hjå oss møter du ein spennande og variert arbeidskvardag med høgt fagleg fokus. Som sjukepleiar vil du få ansvar for mellom anna samarbeid med pårørande og andre faggrupper, primærkontaktarbeid, ansvarsvakt, handtering av akuttsituasjonar, legemiddelhandtering, sårbehandling og ulike medisinske prosedyrar. Samstundes har du ei viktig rolle i å fortløpande kartleggje endringar i funksjonsnivå og sikre at brukarane får individuelt tilpassa hjelp etter behov.

Me legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og arbeider tett saman med ulike fagmiljø for å gje gode og heilskaplege tenester til brukarane våre. På kveld har me eit eige sjukepleiarteam der to sjukepleiarar arbeider saman på tvers av avdelingar. Dette gir god fagleg støtte, styrkjer samarbeidet og bidreg til tryggleik både for tilsette og brukarar.

Heimetenesta er framtidsretta og satsar aktivt på utvikling og bruk av velferdsteknologi og digitale løysingar. Dei siste åra har me teke i bruk mellom anna mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale verktøy som støttar ein moderne og effektiv arbeidskvardag.

Hos oss får du moglegheit til fagleg utvikling i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som brenn for å gje brukarane trygge og gode tenester.


Om avdelinga

Knarvik heimeteneste har base i Knarvik og gir tenester på dag og kveld til brukarar i Knarvik området. Heimetenesta består av sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling i vekst, med eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. I tillegg til ordinær heimeteneste er nattpatruljen organisert under Knarvik avdelinga.

Tenesteområdet er organisert i dei geografiske avdelingane: Ostereidet, Knarvik, Lindås, Alversund/Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til dagsenter. Avdelingane samarbeider tett for å sikre høg kompetanse og gode tenester på tvers.


Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B
  • Gode norskkunskapar, både skriftleg og muntleg.

Kven er du?

Me ser etter deg som:

  • Effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo
  • Sjølvstendig. Du trives med å ha ansvar og finner løsningar.
  • Fagleg sterk. Du beholder roen i uforutsatte/akutte situsjoner og klarer å prioritere.
  • Glad i mennesker. Du blir motivert av å jobbe med mennesker og ønsker å bruke faget til det beste for brukar.
  • Positiv. Du er ein humørspredar – blant kollegaer og brukarane.
  • Framtidsretta. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løsninger.

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • 10 000 kr over garantilønn ut frå ansiennitet
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Lydia Langeland

Konstituert einingsleiar

+4745373286

lydia.langeland@alver.kommune.no

Om bedriften

Som medarbeidar hjå oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag. Vi legg vekt på fagleg kvalitet og gode tenester til brukarane våre. Målet vårt er å bidra til at den enkelte kan bu heime så lenge som mogleg, med best mogleg livskvalitet.

Gjennom «Kva er viktig for deg» samtalen, med vekt på auka brukarmedverknad, styrkjer vi målet om å gi «rett teneste, til rett tid, på rett stad».

Heimetenesta er organisert i geografiske avdelingar ved Manger, Frekhaug, Knarvik, Ostereidet, Alversund og Lindås.

Kvar avdeling er organisert med eigen einingsleiar og assisterande einigsleiarar. 
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund og Frekhaug. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cc2f76e1-2633-4d22-b9af-f589c8c904ba

Sist endret

12. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10295768

Lignende annonser

Laster lignende annonser