Sjukepleiar ved Meland Sjukeheim, avd. Lerketunet
Alver kommune
Havnevegen 12, 5918 Frekhaug
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar ved Meland Sjukeheim, avd. Lerketunet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. august
Om stillinga
Vi har for tida ledig sjukepleiarstilling i todelt turnus ved Meland sjukeheim ved avdeling Lerketunet. Vi kan tilby
100% stilling, men er også open for anna stillingsprosent dersom du ønskjer dette. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. helg. Det er også mogleg med langvaktsturnus.
Om avdelinga
På Meland Sjukeheim blir du ein del av eit varmt og inkluderande fagmiljø der omsorg, kompetanse og gode menneskemøte står i sentrum. Hos oss er ingen dagar heilt like, men alle dagar betyr noko.
No søkjer vi ein engasjert sjukepleiar til Lerketunet, ei avdeling med 12 plassar for personar som lever med demenssjukdom. Her står tryggleik, relasjonar og livskvalitet i fokus, og vi arbeider målretta for å skape ein meiningsfull og god kvardag for bebuarane våre.
Miljøarbeid er ein sentral del av tenesta, og målet vårt er å tilby eit trygt, og omsorgsfullt miljø der kvar enkelt får den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent og engasjert team legg vi vekt på individuell tilnærming, aktivitet og meistring, slik at bebuarane kan oppleve glede, trivsel og best mogleg livskvalitet.
På Meland Sjukeheim har vi også ein somatisk langtidsavdeling, Nordgardstunet, med 24 pasientar, og ein korttidsavdeling, Solkroken, med 12 plassar.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar
- Kartlegging, planlegging og evaluering av sjukepleietiltak
- Samhandling med pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Veileding av kollegaer og studentar
- Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar
- Bidra til utvikling av gode tenester
Vi har også innført ordning med ansvarssjukepleiar på kveld og helg ved Meland Sjukeheim. Dette innebærer ansvar for heile sjukeheimen saman med evt. annan sjukepleiar på avdelingane. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2- test
- Fordel med erfaring fra eldreomsorg
Kven er du?
- Vi ser etter deg som:
Er ein fagleg dyktig sjukepleiarar med genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. - Er trygg, fleksibel og løysningsorientert.
- Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Årsturnus, med muligheter for langvaktsturnus.
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,-over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
70476053-5dd0-45b5-80cc-cf8997408771
- Sist endret
19. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300434