Hopp til innhold

Sjukepleier på natt - Knarvik Sjukeheim 

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleier natt - Knarvik sjukeheim avd.3
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Om stillinga

Vi har no ei spanande stilling i 50-80% for ein engasjert sjukepleiar som ønskjer å arbeide natt, og som vil gje pasientane gode og trygge tenester når resten av verda søv. Hos oss vil du få ein viktig rolle i å sikre kontinuitet, ro og kvalitet i oppfølginga gjennom natta.

Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg og som sjukepleiar vil du få eit funksjonstillegg for arbeid på natt. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg også 10 000 over tariff. 


Om oss

Knarvik sjukeheim er lokalisert sentralt i Knarvik. Stillinga er organisert under avdeling 3 , men på natt vil ein ha arbeidsstad på alle avdelingane ved sjukeheimen.

Knarvik sjukeheim har 3 avdelingar:

  • Avdeling 1: Langtidsplass somatisk
  • Avdeling 2: Langtidsplass somatisk og korttidsplassar
  • Avdeling 3: Korttidsplassar

For oss er det viktig at alle pasientane får riktige og hensiktsmessige tenester, god pleie og omsorg.  

På korttidsplassane er det  pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. Derfor arbeider vi tverrfagleg, i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Eit viktig fokusområde for når ein arbeider på natt er at vi skal bidra heile døgnet med å følge opp pasienten sine tiltaksplaner, og med det sikre at pasientene får riktig og hensiktsmessige tenester.

Avdelinga har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøyde. 


Arbeidsoppgåver

  • Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie på natt, i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar – med pasienten i fokus
  • Vere ein trygg og fagleg støttespelar for kollegaer
  • Sikre godt samarbeid og informasjonsflyt med pårørande og andre tenester, med fokus på gode overgangar mellom dag- og nattarbeid
  • Vere ein aktiv pådrivar for å oppretthalde kvalitet og gode rutinar i pasientoppfølginga
  • Leggje til rette for ro, kvile og tryggleik
  • Følgje opp, evaluere og dokumentere tiltaksplanar, og bidra til god kontinuitet i pasientforløpet gjennom natta
  • Handtere akutte situasjonar og gjere sjølvstendige faglege vurderingar når behov oppstår

Kompetanse

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Beherske godt munnleg og skriftleg norsk språk. B2 nivå for sjukepleiarar. 
  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy. 
  • Erfaring frå eldreomsorga er eit føremon
  • Erfaring med nattarbeid er ynskjeleg

Kven er du?

  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
  • Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
  • Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
  • Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar 
  • Er fleksibel og løysingsorientert

Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til både pasient og pårørande!
  • Oppfølging og rettleiing
  • Gratis parkering 
  • God pensjonsordning i KLP
  • 10 000 over tariff i årsløn 
  • Funksjonstillegg på 18 000 i 100% stilling 
  • Løn i samsvar med ansiennitet: 522 600 - 614 400
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Amanda Kvernøy

Einingsleiar Knarvik sjukeheim avd. 3

+4796610689

amanda.kvernoy@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu bu-og servicesenter. Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim og Velferdssenteret på Manger. 

Sjukeheimstenesta har plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. 

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og organisert i sjukeheimstenesta. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a2103589-3ef8-4833-9ed0-a24d47367da1

Sist endret

10. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10299447

Lignende annonser

Laster lignende annonser