Hopp til innhold

Sjukepleiar i 100% fast stilling  ved  Lindås legekontor

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kolåsvegen 5, 5955 Lindås

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - 100% fast stilling - Lindås legekontor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Om stillinga

Lindås legekontor søkjer ein autorisert sjukepleiar til 100 % fast stilling frå 01.09.2026, eller etter avtale.

Vi søkjer deg som er fagleg trygg, arbeider sjølvstendig og trivst i tett samarbeid med andre i ein variert, spanande  og til tider travel arbeidskvardag. Stillinga passar for deg som ønskjer å bruke brei sjukepleiefagleg kompetanse i møte med pasientar, og som vil bidra til kvalitet, struktur og god samhandling i det daglege arbeidet.


Om oss

Ved Lindås legekontor er det tre fastlegeheimlar og ein LIS1-lege. Kontoret nyttar Infodoc journalsystem og held til i trivelege og funksjonelle lokale på Lindås senter. Det er gode parkeringsmoglegheiter i kort gåavstand frå bygget.

Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver ved legekontoret, i tett samarbeid med legar og helsesekretærar. Du vert ein del av eit lite og fagleg dyktig arbeidsmiljø, der god kommunikasjon, tydelege roller og godt samarbeid er viktig i den daglege drifta.

Arbeidsdagane ved legekontoret er varierte og til tider travle. Vi søkjer difor ein medarbeidar som er trygg i fagrolla, arbeider strukturert og bidreg positivt i samhandling med andre.

Ei av helsesekretærane har rolla som driftskoordinator og har ansvar for den daglege drifta ved kontoret.


Arbeidsoppgåver

  • arbeid på skiftestove
  • telefon, resepsjon og pasientmottak
  • laboratoriearbeid
  • delegerte oppgåver frå lege, til dømes avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og oppfølging av pasientar
  • økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator
  • bidra i kvalitetsarbeid, forbetringsarbeid og utviklingsarbeid ved kontoret

Kvalifikasjonskrav 

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • god digital kompetanse

Ønskjeleg kompetanse: 

  • Relevant arbeidserfaring frå legekontor eller legevakt 
  • Erfaring frå laboratoriearbeid
  • Erfaring frå akuttmedisinsk arbeid
  • Gjennomført akutt kurs

Kven er du?

Vi søkjer ein sjukepleiar som er trygg i fagrolla si og utfører arbeidsoppgåvene i tråd med kunnskapsbasert praksis. Du har gode samarbeidsevner og trivst i ein travel kvardag der du møter mange ulike mennesker. 

Du møter pasientane på ein profesjonell, roleg og serviceinnstilt måte, og skaper tryggleik gjennom god kommunikasjon og gode relasjonar.

Vi ser etter deg som tek initiativ og ønskjer å bidra aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid ved legekontoret. Du arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i tett samarbeid med legar og kollegaer.

Fleksibilitet er viktig i denne stillinga. Du handterer endringar godt, står støtt i ein variert arbeidskvardag og stiller opp der behovet er størst. Vi ønskjer ein robust medarbeidar med godt humør, løysingsorientert innstilling og evne til å vere ein positiv bidragsytar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.


Me tilbyr

  • løn etter gjeldande hovudtariffavtale
  • for sjukepleiarar i Alver kommune: kr 10 000 over minstelønsgarantien i hovudtariffavtalen
  • god pensjonsordning
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • høve til å bruke og vidareutvikle brei sjukepleiefagleg kompetanse
  • moglegheit til å bidra i kvalitetsarbeid og vidareutvikling av legekontoret
  • eit arbeidsmiljø der faglegheit, samarbeid og god pasientoppfølging står sentralt
  • gratis parkering

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktpersoner for stillingen

Bente Karin Bø Taule

Einingsleiar

+4747459725

bente.bo.taule@alver.kommune.no

Stine Marøy Wolff

Ass. Einingsleiar

+4797159302

stine.maroy.wolff@alver.kommune.no

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5fcb6509-a310-4aa0-bf47-a5a5c723ff79

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10300279

Lignende annonser

Laster lignende annonser