Hopp til innhold

Politistasjonssjef

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Vatnevegen 9, 6265 Vatne

Om jobben

Stillingstittel
Politistasjonssjef for tjenestestad Nordre Sunnmøre
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. mars

Om stillinga

Har du ei sterk interesse for leiing og vil vere med på å sikre tryggleik og orden i samfunnet? Vi har no ledig fast stilling som politistasjonssjef ved teneststad Nordre Sunnmøre på Vatneeidet. 

Vi søkjer ein dedikert og resultatorientert leiar som vil ha personal-, mål og resultatansvar for tenestestaden. Stillinga inneheld mykje utoverretta aktivitet gjennom rolla som politikontakt, samarbeid med førebyggjande funksjonar og deltaking i oppsøkjande og operative aktivitetar. Stillinga krev IP-godkjenning. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Vi oppmodar særskilt kvinner om å søkje på politileiarstillingar.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg med relevant erfaring, og som ønskjer å setje retning og utvikle polititenesta i Møre og Romsdal. 

Vidare søkjer vi deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadørar for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • dagleg leiing av Nordre Sunnmøre politistasjon
  • personal- og resultatansvar 
  • deltakar i leiargruppa i geografisk driftseining Sunnmøre
  • politikontakt for kommunane Fjord og Haram
  • ansvar for effektiv ressursutnytting, måloppnåing og høg kvalitet i leveransane til eininga
  • setje retning, skape resultat og felles måloppnåing i samhandling med andre
  • utvikle godt medarbeiderskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eininga
  • sikre heilskapleg styring i eininga i tråd med gjeldande lover, regler og retningslinjer, og overordna avgjerder og prioriteringar
  • sikre eit helsefremjande arbeidsmiljø gjennom dialog og samarbeid (HMS og internkontroll)
  • pårekne noko ettermiddagsturnus i rolla som politikontakt
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen
  • relevant politifagleg erfaring og straffesaksbehandling
  • relevant leiarerfaring og/eller leiaarutdanning
  • lP4-godkjenning, eventuelt må du kunne bli godkjent på nytt
  • brei erfaring frå ulike oppgåver og ansvarsområde i politiet 
  • kunnskap om HMS, eller at slik kompetanse kan opparbeidast innan avtalt tid eller tilsetjing
  • god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • kunnskap og erfaring om samarbeid med kommune og andre samarbeidande aktørar 

  • Personlege eigenskapar

    • mål og resultatorientert med god gjennomføringskraft
    • du har evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre
    • du har god evne til kommunikasjon, teambygging og relasjonsbygging internt og eksternt
    • du er medarbeidarorientert med god evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeider
    • du er samfunnsorientert og har forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
    • Du er ein god rollemodell som leiar og for politiet sin medarbeiderplattform gjennom eigen åtferd 

    Personlege eigenskapar vert vektlagt ved leiarstilling.

    Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.  Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.  


    Dette kan vi tilby om du vel oss

    • ei utfordrande og utviklande leiarstilling for deg som vil vera med å forme politiet for fremtida
    • stilling som politistasjonssjef (SKO 1243) med lønn frå 840 000 kr. - 950 000 kr.
    • godtgjersle etter gjeldande ATB, som for tida er kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
    • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
    • Mogelegheit for trening i arbeidstida
    • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

    Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


    Mangfald i politiet

    Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

    Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

    Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

    Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

    Slik søkjer du

    Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

    Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


    Kontaktperson for stillingen

    Oddbjørn Solheim

    Driftseiningsleiar

    oddbjorn.solheim@politiet.no

    Om bedriften

    Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. 

    Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

    Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    be97e703-75b6-45b1-a998-083b3680eeb5

    Sist endret

    25. februar 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10284328

    Lignende annonser