Hopp til innhold

Rådgivar/forvaltningsjurist

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar/forvaltningsjurist
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Om stillinga

Møre og Romsdal politidistrikt har ledig eit vikariat som rådgivar/forvaltningsjurist innan utlendingsforvaltninga. Seksjon for utlendingsforvaltning tilhøyrer felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie, og har pr. i dag 18 tilsette med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Seksjonen er organisert med to oppmøtestadar - Ålesund og Kristiansund. Den ledige stillinga har oppmøtestad i Ålesund, og er ledig frå snarast til og med 31.8.2027, med moglegheit for forlenging.

Utlendingsfeltet er eit spennande fagfelt som stadig er i endring når det gjeld arbeidsprosessar og regelverk, og eit fagområde der endringar i verdsbilete påverker arbeidskvardagen. I stillinga som rådgivar/forvaltningsjurist vil du få ein variert arbeidskvardag der du førebur og behandlar ulike typar søknadar etter utlendingslova og statsborgarlova. For å bidra til å avklare komplekse saker inneheld stillinga også oppgåver med utprega kontrollfokus, spesielt retta opp mot identitet og realitet i opphaldsgrunnlag, informasjonsbearbeding og rapportskriving. Til stillinga ligg også oppgåver med å utarbeide/be om avgjerder om bruk av tvangsmiddel etter utlendingslova. Vi har som mål at alle som oppheld seg i Noreg har avklart identitet og lovleg opphald.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte og samfunnsorienterte personar med interesse for utlendingsfeltet. Du må raskt kunna setje deg inn i nye prosessar og gjeldande lov- og regelverk, vere nysgjerrig og søkje informasjon. Du er sjølvstendig, tek initiativ og ansvar, og er god på samarbeid. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom sitt daglege arbeid. Du er effektiv samtidig som du har evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og med evne til å byggje tillit til publikum.

I vurderinga av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • oppfølging, saksbehandling og utarbeiding av rapportar i meir kompliserte saker i porteføljane til utlendingsforvaltninga
  • bidra til kriminalitetsførebyggjande arbeid i utlendingsforvaltninga gjennom samarbeid med andre einingar i politiet
  • greie ut saker om tilbakekalling av løyve og statsborgarskapar for å avdekkje brot på utlendingslova
  • utarbeide/be om avgjerder om bruk av tvangsmiddel etter utlendingslova
  • førebu og gjennomføre forvaltningsintervju og avklaringssamtalar
  • gjennomføre ID-kontroll av både personar og dokument
  • bidra til utarbeiding av høyringsfråsegner
  • halde seg oppdatert på fagfeltet og ta ansvar for kontinuerleg utvikling av eigen kompetanse
  • delta og bidra til fagutvikling i seksjonen
  • utføre oppgåver i saksinntak, under dette rettleiingsteneste og søknadsbehandling frå publikum
  • andre oppgåver innan utlendingsforvaltningen kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fortrinnsvis mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen, anna relevant samfunnsvitskapleg utdanning på bachelor- eller masternivå kan vere aktuelt
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • kjennskap til norsk offentleg forvaltning og saksbehandling
  • god digital kompetanse og evne til å setje seg inn i nye system
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stilling må ein rekna med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkavurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • kompetanse innan utlendingsrett
  • erfaring frå fagområdet utlendingsforvaltning
  • erfaring innan ID-arbeid og arbeid med intervju
  • erfaring med saksutgreiing og analyse
  • evne til å setje seg raskt inn i regelverk og bruke det korrekt
  • erfaring frå saksbehandling og publikums-/kundebehandling
  • kunnskap i fleire språk 
  • erfaring frå politiet sine datasystem, generelle og innan fagfelt spesielt

Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.


Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du

  • har evne til å ta sjølvstendige vurderingar, ta initiativ og ansvar
  • har gode analytiske evner, er engasjert og fagleg nysgjerrig
  • har stor arbeidskapasitet, er god på å håndtere stress, med evne til å prioritere og jobbe effektivt og strukturert
  • er motivert og positiv, samarbeider godt, og bidrar til eit godt fag- og arbeidsmiljø

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagt stor vekt.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utfordrande og meningsfull stilling for deg som vil bidra inn i politiet sitt samfunnsoppdrag
  • stillinga vert lønna som rådgjevar (stillingskode 1434) med årslønn: fra kr. 600 000 til 735 000 brutto per år. For særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast.
  • medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • mogligheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månader.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Lisbeth Fylling

Seksjonsleiar

+4795930213

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

98f97c4c-57d1-45d8-a41f-aebb5c86c4af

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289473

Lignende annonser

Laster lignende annonser