Førstekonsulent
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Storgata 43, 6508 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Førstekonsulent
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Om stillinga
Møre og Romsdal politidistrikt har ledig eit vikariat som førstekonsulent innan utlendingsforvaltninga. Seksjon for utlendingsforvaltning tilhøyrer felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie, og har pr. i dag 18 tilsetje med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Seksjonen er organisert med 2 oppmøtestadar – Ålesund og Kristiansund. Stillinga er ledig frå snarast til og med 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Oppmøtestad vil vere Ålesund eller Kristiansund.
Utlendingsfeltet er eit spennande fagfelt som stadig er i endring når det gjeld arbeidsprosessar og regelverk, og eit fagområde der endringar i verdensbilete påverk arbeidskvardagen. I stillinga som førstekonsulent vil du få ein variert arbeidskvardag der du tek imot, førebur og behandlar søknader etter utlendingslova og statsborgerlova. Arbeidet inneber omfattande publikumskontakt, og evne til å yte service, opptre imøtekommande og skape god dialog er essensielt. Vi har eit mål om at alle som oppheld seg i Noreg har avklart identitet og lovleg opphald, og stillinga har derfor oppgåver med utprega kontrollfokus, spesielt retta opp mot identitet og realitet i opphaldgrunnlag.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte og samfunnsorienterte personar med interesse for utlendingsfeltet. Du må raskt kunne setje deg inn i nye prosessar og gjeldande lov- og regelverk, ha høg servicegrad, like å snakke med andre menneske og vere tydeleg i kommunikasjonen din. Du er sjølvstendig, tek initiativ og ansvar, og er god på samarbeid. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungere som gode ambassadørar for politiet gjennom det daglege arbeidet sitt. Du er effektiv samtidig som du har evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og med evne til å byggje tillit til publikum.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- utføra oppgåver i saksinntak, herunder informera og rettleia publikum om gjeldande regelverk og søknadsprosessar
- motta, førebu og behandla søknader etter utlendingslova og statsborgerlova
- gjennomføra ID-kontroll av både personar og dokument
- utføra biometriopptak og bestilla reisedokument og opphaldskort
- førebu og gjennomføra forvaltningsintervju og avklaringssamtalar
- bidra til kriminalitetsførebyggjande arbeid i utlendingsforvaltninga gjennom samarbeid med andre einingar i politiet
- halda seg oppdatert på fagfeltet og ta ansvar for kontinuerleg utvikling av eigen kompetanse
Andre oppgåver innan utlendingsforvaltninga kan bli tillagde stillinga.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- relevant utdanning frå høgskule/universitet minimum bachelorgrad - fortrinnsvis innan juss eller samfunnsvitskap. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning.
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- kjennskap til norsk offentleg forvaltning og saksbehandling
- god digital kompetanse og evne til å setja deg raskt inn i nye system
- plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentes inn ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekna med at det blir henta inn opplysninger frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkavurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- erfaring frå saksbehandling og publikums-/kundebehandling
- erfaring frå fagområde utlendingsforvaltning
- erfaring innan ID-arbeid og arbeid med intervju
- kunnskap i fleire språk
- erfaring frå politiet sine datasystem generelt og innan fagfeltet spesielt
Eventuell utdanning frå utlandet må vera godkjend av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Personlege eigenskapar
For å trivast godt og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du
- har høg servicegrad og liker å snakka med andre menneske
- er sjølvstendige og ansvarsbevisst
- har stor arbeidskapasitet, er god på å handtera stress
- er motivert for oppgåvene og samarbeider godt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagd stor vekt.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utfordrande og meiningsfull stilling for deg som vil bidra inn i politiet sitt viktige samfunnsoppdrag
- stillinga vert lønna som førstekonsulent (stillingskode 1408) med årslønn frå kr. 510 000 til 620 000 brutto per år. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønn bli vurdert.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- mogligheit for trening i arbeidstida
- tilknytning til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fasett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månader.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Lisbeth Fylling
Seksjonsleiar
+4795 93 02 13
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske.
Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e3de6014-0068-4890-af4e-48c94c244635
- Sist endret
14. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10291008