Hopp til innhold

Rådgjevar/ fyrstekonsulent- vikariat

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal friomsorgskontor

Sted

Kirkegata 2, 6004 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Rådgiver/ fyrstekonsulent - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Om stillinga

Vi søker etter ein engasjert rådgjevar/ fyrstekonsulent til et årsvikariat i 100% stilling. Stillinga har kontorstad i Ålesund og ønskeleg tiltredelse er 03.08.26.

Møre og Romsdal friomsorgskontor har 26 tilsette, med hovudkontor i Molde, underkontor i Ålesund og Kristiansund. 

Møre og Romsdal friomsorgskontor inngår i Kriminalomsorga region vest. Region vest med regionkontor i Bergen omfattar både Vestland fylke og Møre og Romsdal fylke. I Møre og Romsdal er det tre einingar, to fengsel og eit friomsorgskontor.


Arbeidsoppgåver

  • oppfølging av straffedømte som gjennomfører straff i fridom; narkotikaprogram med domstolskontroll, samfunnsstraff, program mot ruspåverka køyring, møteplikt, samt oppfølging av botlagte 
  • stillinga innebærer arbeid med dei yngste lovbrytarane og den som blir tilsett vil også få rollen som ungdomsansvarleg ved kontoret
  • samarbeid med konfliktråda om ungdomsoppfølging og ungdomsstraff
  • planlegge eit kriminalitetsførebyggjande innhald i straffa 
  • koordinere og formidle kontakt mellom domfelte og forvaltningsapparatet/hjelpeapparatet 
  • programverksemd 
  • utarbeiding av personundersøking til bruk i straffesaker 
  • sakshandsaming etter straffegjennomføringslova

Møre og Romsdal friomsorgskontor har også oppfølging av domfelte under soning med elektronisk kontroll og §12- soning i institusjon. Den som vert tilsett må rekne med å ta del i heile verksemda sine oppgåver og drift. Ansvarsområda og oppgåvene kan endre seg da organisasjonen er i stadig utvikling. Det må påreknast noko reiseverksemd.


Utdanning og erfaring

Du må ha:
  • relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier. 
  • 3 års relevant erfaring ved tilsetting som rådgjevar
  • god munntleg og skriftleg framstillingsevne 
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevne 
  • gode datakunnskap 
  • førarkort kl. B
Det er ønskjeleg at du har:
  • erfaring frå arbeid med ungdom/eller anna relevant erfaring med menneske i ein sårbar situasjon.
  • erfaring frå sakshandsaming

Personlege eigenskapar

  • er sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
  • evne til å motivere for endring 
  • evne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar 
  • evne til å bidra til eit godt samspel på arbeidsplassen 
  • har personlege eigenskapar i tråd med etatens verdiar

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
     
  • stillinga som rådgjevar er plassert i stillingskode 1434 , årsløn mellom kr 580 000 - 700 000. For fyrstekonsulent nyttas stillingskode 1408, årsløn mellom 527 500- 650 000. Frå løna vert der trekt 2 % innskot i Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fung.friomsorgsleiar Trude Aarseth tlf. 71246610.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Kontaktperson for stillingen

Trude Aarseth

fungerende friomsorgsleder

trude.aarseth@kriminalomsorg.no

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5763db65-9d08-449f-8943-882bf0c3cd2a

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288470

Lignende annonser

Laster lignende annonser