Hopp til innhold

Kommunikasjonsrådgjevar

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgivar vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Om stillinga

Ein av våre rådgjevarar skal ut i foreldrepermisjon. Derfor ser vi etter deg som har lyst til å bli ein del av kommunikasjonsstaben i politidistriktet vårt i åtte månader med moglegheit for forlenging. 

Har du lyst til å samarbeide med mange ulike fagområde?
Du vil få ei viktig rolle knytt til kommunikasjonsarbeidet i politiet i den vesle kommunikasjonsstaben vår. Det er ei bratt læringskurve hos oss. Derfor treng vi deg som tek ansvar. Vi er flinke til å spele kvarandre gode for å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte. Vi som jobbar med kommunikasjon i politiet er tett på politikvardagen taktisk, operasjonelt og strategisk. Vi må vere gode på å sjå heilskapen, trygge, rettleie og byggje tillit. Vi må også vere modige og tenkje nytt for å kunne nå innbyggjarane våre på ein best mogleg måte.

Vil du bli ein del av eit større nettverk?
Vi samarbeider tett med kommunikasjonsnettverket i dei andre politidistrikta, dei andre særorgana i politiet og Politidirektoratet. Du får vere med på å utvikle kommunikasjonsarbeidet både regionalt og nasjonalt.

Har du lyst til å planlegge din eigen arbeidskvardag?
Du får kontorplass på politihuset i Ålesund, med fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida. Kommunikasjonsarbeidet vårt femner om heile politidistriktet, så litt reising mellom fjordar og fjell vert det naturlegvis, men det planlegg du oftast utifrå kva som passar best for deg og din kvardag.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Først og fremst ser vi etter deg som er positiv, likar å jobbe med folk og mange ulike fagområde innanfor politiet. Det er ein fordel om du har god kompetanse på anten grafisk produksjon, foto eller video då det er ferdigheiter som ligg til stillinga i dag. 

I stillinga får du arbeide mykje med internkommunikasjon i politidistriktet, men det er også gode moglegheiter til å bidra i ekstern kommunikasjon og få erfaring med krisekommunikasjon ved større og mindre hendingar.

Alle i kommunikasjonsstaben inngår også i pressevakttenesta i vanleg arbeidstid og vi har mykje kontakt med media. Derfor er det ein fordel at du har kjennskap til media sine behov med korte fristar og at du synest mediekontakt er givande eller har lyst til å lære meir om dette.

Sjølv om vi ser etter deg som trivast med breidde i arbeidsoppgåver, ventar vi oss ikkje at du skal kunne alt. Ikkje la deg stoppe frå å søke fordi du ikkje har erfaring og kjennskap på alle område vi ønskjer oss. Vi vil høyre kva du er god på, trivast med og har lyst å utvikle deg på for å komplettere teamet vårt.

Har du spørsmål om stillinga, vil vi gjerne høyre frå deg.


Arbeidsoppgåver

  • bidra til å styrke kommunikasjonskompetansen i politidistriktet, først og fremst internt, men også etter kvart eksternt, gjennom faglege råd til kollegaer og leiarar
  • finne dei gode historiene frå politikvardagen og formidle dei gjennom tekst, bilete, grafikk og/eller video i dei kanalane politiet nyttar
  • handtere førespurnader frå media raskt og effektivt
  • samarbeide med Nettpatruljen knytt til innhaldsproduksjon og vere med å utvikle kanalane våre
  • bruke kommunikasjon aktivt, raskt og strategisk når det krevst
  • andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, samfunnsvitskap eller andre relevante fagområde. Minimum bachelor-nivå. Lang arbeidserfaring innanfor kommunikasjon eller journalistikk kan kompensere for kravet i særskilde tilfelle.
  • for å bli vurdert som seniorrådgjevar er det krav til utdanning på masternivå innan kommunikasjonsrelevante fag. Relevant bachelor og minimum fem års erfaring frå kommunikasjonsfag/journalistikk kan kompensere for krav om mastergrad.
  • god digital kompetanse og erfaring med innhaldsproduksjon til ulike kanalar
  • erfaring med kommunikasjonsarbeid eller journalistikk
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk
  • førarkort klasse B
  • må kunne autoriserast for sikkerheitsgradert informasjon, gradering Begrensa (B) 

Det er også ønskjeleg med

  • god erfaring med internkommunikasjon, men gjerne også eksternkommunikasjon
  • erfaring eller kjennskap frå pressehandtering 
  • erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid
  • erfaring frå innhaldsproduksjon og med ulike publiseringsløysingar internt og eksternt, innhald i form av bilete, video eller grafisk utforming til sosiale medium
  • dokumentere gode ferdigheiter med Adobe Premiere, Photoshop, Indesign eller andre relevante verktøy

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømande og utvida) må du innhente ved eventuell tilsetjing, jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekna med at det blir henta inn opplysninger frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkavurderinga.


Personlege eigenskapar

For å trivast godt og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du

  • er fleksibel og initiativrik
  • kan jobbe godt saman med andre på tvers av fagområde for å nå politiet sine mål
  • er ansvarsfull og strukturert
  • kan trivast med høgt tempo og ein variert arbeidskvardag

Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Vi jobbar saman for fellesskapet sitt beste i tråd med lover, reglar og verdiane våre. Du kan lese meir i medarbeiderplattformen vår og i dei etiske retningslinjene våre. 


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein utfordrande og spanande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
  • fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga er lønna som rådgjevar, SKO 1434, frå kroner 600 000 til kroner 700 000 brutto årslønn, eller som seniorrådgjevar SKO 1364, frå kroner 700 000 til kroner 750 000 brutto årslønn. For særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vuderast
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no). Det trekkast to prosent av lønna til SPK.
  • fleksibel arbeidstid
  • mogelegheit til trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politietaten. Prøvetida er seks månader. 


Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Kontaktperson for stillingen

Iselin Nevstad Øvrelid

Avdelingsdirektør

+4793202485

iselin.nevstad.ovrelid@politiet.no

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. 

Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bc3cc7ef-3ceb-4b40-81e2-2ea966031b3d

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10291440

Lignende annonser

Laster lignende annonser