Hopp til innhold

Etterforskar 

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Politibetjent - Internettrelatert etterforsker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 21. april

Om stillinga

Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av internettrelaterte saker?  Vi har no ledig fast stilling som etterforskar ved avsnitt for etterforskning av internettrelaterte saker (IRS) ved Ålesund politistasjon, ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking.

Vi søkjer deg som har god teknisk forståing, som kan analysere digitale beslag og bidra til å innhente og sikre både fysiske og digitale spor. Du vil bli ein del av eit tett og tverrfagleg avsnitt med både politi- og sivilt ansatte, der godt samarbeid står sentralt. Fagleg utvikling og læring har høgt fokus i avsnittet, og er avgjerande for å følgje med i både kriminalitetsutviklinga og den digitale utviklinga.

Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. Arbeidet er krevjande fordi vi ofte jobbar med menneske i krise og det krevst at vi leverer arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.

Ålesund og Sunnmøre byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Ålesund? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing og søkjer medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.


Arbeidsoppgåver

  • etterforsking av straffesaker som gjeld internettrelaterte overgrep, herunder strl. §311--saker
  • utføre taktisk etterforsking i saker innan eige spesialfelt, utarbeide etterforskingsplaner i Indicia, gjennomføre avhøyr, hovedsakleg videoavhøyr
  • fungere som hovudetterforskar i sak
  • gjennomføre pågriping, ransaking og avhøyr
  • innhenting og gjennomgang av digitale bevis
  • krimvaktstjeneste kvar 6. helg
  • kompetansedeling og bidra til utvikling av avsnittet sitt fagområde
  • kan påleggast andre arbeidsoppgåver 

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule ved tiltredning. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema 
  • god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • kurs/utdanning innan digitale spor og/eller analyseverktøy 
  • erfaring i bruk av analyseverktøy og relevante dataverktøy 
  • relevant vidareutdanning innan etterforsking
  • erfaring frå politistilling, særleg erfaring frå etterforsking av seksuallovbrudd og alvorlege voldssaker er ønskeleg
  • erfaring med arbeid i prosjektmodulen i Indicia

Personlege eigenskapar

  • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget og digitale spor
  • gode samarbeidsevner
  • strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
  • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • ønskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.  

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utfordrande og meiningsfull fast stilling i Ålesund politistasjonsdistrikt
  • stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000 
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
  • for særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode som politiførstebetjent eller politioverbetjent bli vurdert, jmf. lokale retningslinjer, politiførstebetjent brutto årslønn frå kr. 650 00 til kr 720 000, politioverbetjent brutto årslønn frå 680 000 kr. til kr 760 000.
  • ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no 
  • det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Kent-Inge Holstad

Avsnittsleder

+4747788984

kent-inge.holstad@politiet.no

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1dcf86eb-3a4a-4b3b-ad5c-f27a859aaa0e

Sist endret

7. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290319

Lignende annonser

Laster lignende annonser