Førstekonsulent
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Førstekonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Om stillinga
Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig ei fast stilling som førstekonsulent ved sentralbordet. Stillinga er organisert ved Felles eining for operativ tjeneste ved seksjon for operativ styring.
Vi ser etter deg som har gode kommunikasjonsevner. Trivst du også med å jobbe sjølvstendig, er løysingsorientert og serviceinnstilt, og ønskjer å bidra inn i det viktige samfunnsoppdraget til politiet, vil vi gjerne høyre frå deg!
Sentralbordet er ein viktig funksjon i kontakt med publikum. Sentralbordet mottek og ekspederer alle telefonsamtalar til 02800 og politidistriktet sitt hovudnummer. For at sentralbordet skal yte effektiv og god service samarbeider vi godt med andre funksjonar i distriktet, særleg med tanke på å halde oversikt over ulike fagfelt, tilgjengelege tilsette og dei ulike funksjonane sine opningstider.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi treng medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- svare på inngåande telefonsamtalar til sentralbordet
- rettleie og gi informasjon til publikum
- informere om og halde oversikt over tenestene i politidistriktet
- vidareformidle samtalar til rett eining/person i politidistriktet
- halde oversikt over fråværsmeldingar og møteverksemd
- bidra til at arbeidet ved sentralbordet vert utført i samsvar med gitte retningslinjer
- bistå operasjonssentralen med opplysingar frå tilgjengeleg register til bruk for den operative politistyrken
- kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført vidaregåande opplæring med studiekompetanse eller fagbrev. Dokumentasjon må leggast ved søknaden. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- gode IKT-kunnskapar
- gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- samfunnsforståing og kjennskap til rolla og ansvaret til politiet
- må kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetsloven
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- relevant erfaring, til dømes erfaring frå publikums-/kundebehandling
- relevant fagutdanning/bachelorgrad. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er løysingsorientert og sjølvstendig
- er serviceinnstilt
- har god evne til å handtere hektiske situasjonar
- er motivert for arbeidsoppgåvene
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ein meiningsfull og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
- fast stilling som førstekonsulent, stillingskode 1408, med lønn frå kr. 510 000 til kr. 620 000 brutto per år. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Thomas Arseth Holte
Fung. seksjonsleiar
+4791 63 46 47
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
00fe6b92-81e8-401d-8a36-fe9910776c3d
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10288115