Fyrstekonsulent elektronisk kontroll ved avdelingen i Ålesund- vikariat til 01.08.27
Møre og Romsdal friomsorgskontor
Kirkegata 2, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Fyrstekonsulent elektronisk kontroll- Ålesund vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. april
Om stillinga
Møre og Romsdal friomsorgskontor har ledig eit vikariat som fyrstekonsulent ved underkontoret i Ålesund fram til 01.08.27
Friomsorga i Møre og Romsdal er ein del av kriminalomsorga, og vi jobbar for å gjere samfunnet tryggare – éin samtale, éi oppfølging og éin endringsprosess om gongen.
Vi er på jakt etter deg som har lyst til å bidra til at maskineriet går som smurt. Du er den som likar å halde oversikt, finne løysingar, og sørgje for at ting ikkje berre blir gjort – men blir gjort rett.
Vi har eit stort hjarte for menneske, eit våkent blikk for detaljar og eit godt samarbeid på tvers av kontora våre.
Avdelinga for elektronisk kontroll har 9 tilsette, 5 som har arbeidsstad i Molde og 4 som har arbeidsstad i Ålesund. Stillinga er i turnus med dag, kveld og helg
Som fyrstekonsulent har ein har ansvar for dei domfelte og tilsette sin tryggleik, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fyrstekonsulent EK skal ha evne til grensesetjing, konfliktløysing og vere ein samtalepartnar, rollemodell og rettleiar for dei domfelte.
For å kvalifisere for stilling som fyrstekonsulent må søkjar ha bestått fengselsbetjentutdanning frå KRUS eller relevant utdanning på bachelornivå (da fortrinnsvis sosionom, barnevernspedagog eller vernepleier). Søkarar som ikkje oppfyller utdanningskravet vil ikkje bli vurdert for vikariatet.
Me søkjer også etter tilkallingsvikarar som kan avhjelpe ved fravær og i feriar med straffegjennomføring med elektronisk kontroll. Opplys i søknaden om dette er av interesse.
For stillinga som tilkallingsvikar kan søkjarar som oppfyller kravet til 0808 miljøterapeut vurderast.
Arbeidsoppgåver
Som førstekonsulent hos oss vil du mellom anna:
- vurdere om domfelte er eigna for soning med elektronisk kontroll
- setje i verk, administrere og kontrollere straffegjennomføringa
- leggje til rette for og følgje opp fagleg innhald
- drive planmessig endringsarbeid i samarbeid med hjelpeapparatet
- kontrollere at vilkår for straffa blir haldne
- ved behov må ein også rekne med å ta del i andre typar straffegjennomføring i friomsorga
- bidra til at drifta går smidig, også når tempoet er høgt
- vere ein del av eit fagmiljø som kombinerer struktur med varme
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
FyrstekonsulentDu må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS eller relevant høgskule- og universitetsutdanning på bachelornivå (da fortrinnsvis sosionom, barnevernspedagog eller vernepleier)
- førarkort klasse B
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- erfaring frå kriminalomsorga eller anna relevant erfaring frå arbeid med menneske i ein sårbar situasjon
erfaring med sakshandsamning
0808 Miljøterapeut (Stilling som tilkallingsvikar)
Du må ha- bestått 3 årig videregåande skule og relevant yrkeserfaring
- førarkort klasse B
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- erfaring fra offentleg sakshansamning og klientrelatert arbeid eller anna relevant erfaring frå arbeid med menneske i ein sårbar situasjon
erfaring med sakshandsamning
Personlege eigenskapar
- ha personlege eigenskaper i tråd med kriminalomsorgen sine verdiar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å motivere til å endre åtferd
- har avgjerdsevne, kreativitet, er fleksibel og har evne til etisk refleksjon
- arbeider strukturert og sjølvstendig, men trivst best når du samarbeider
- har stø hand, roleg hovud og ein god dose humor
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- trening i arbeidstida
- Stillingen lønnes som 1408 førstekonsulent, fra kr 500 000 – 650 000, avhengig av kvalifikasjoner og erfaring. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
- Stilling som tilkallingsvikar som ikke kvalifiserer til 1408 førstekonsulent lønnes som 0808 Miljøterapeut fra kr 474 000 – 550 000, avhengig av kvalifikasjoner og erfaring. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
- stillingen er p.t. i turnus som innebærer dag, kveld og helgearbeid
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fungerande friomsorgsleder Trude Aarseth- trude.aarseth@kriminalomsorg.no
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorgens samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjoner på en måte som er betryggende for samfunnet og som motvirker straffbare handlinger. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velge å leve et kriminalitetsfritt liv. Vår visjon er «Straff som endrer» og våre verdier er: trygghet, åpenhet og nytenking som er førende for vår atferd og som organisasjon. Les mer om vår virksomhetsstrategi her. Kriminalomsorgen består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Kriminalomsorgens høyskole og utdanningssenter (KRUS) og fem regioner med cirka 60 lokale fengsler og friomsorgskontor.Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligger i Bergen.
Møre og Romsdal friomsorgskontor har 22 tilsette. Hovedkontoret er i Molde, og underkontor i Ålesund og Kristiansand.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a931ffed-a7fe-402b-b239-8c431da83ef7
- Sist endret
10. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10286062
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal friomsorgskontor
Sted
Ålesund, Molde
Avdelingsleder Møre og Romsdal friomsorgskontor
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal friomsorgskontor
Sted
Ålesund
Inspektør
Arbeidsgiver
Arbeidstilsynet
Sted
Ålesund